Just Lippe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Just Lippe
Just Lippe.jpg
Fødd 13. januar 1904
Bergen
Død

24. mars 1978

Yrke politikar, redaktør, journalist

Just Ebbesen von der Lippe (13. januar 190424. mars 1978) var ein norsk pressemann og politikar frå Bergen, mangeårig partisekretær i Norges Kommunistiske Parti.

Lippe var medlem i Det norske Arbeidarparti frå 1921. Etter partisplittinga i 1923 tok han steget over i NKP. Saman med Henry W. Kristiansen, Otto Luihn og Albin Eines sat han i 1924 fengsla i fem veker, etter politiet raida partikontoret til NKP. I tida 1925-29 var han partisekretær for Ungkommunistane i Noreg. Frå 1928 var han medlem i eksekutivkomiteen til den kommunistiske ungdomsinternasjonalen. I byrjinga av 1930-åra leia han den skandinaviske avdelinga på den internasjonale Lenin-skulen i Moskva, for så å verte send til Vladivostok.

Lippe flytta til Noreg att og arbeidde til 1940 som journalist i NKP-organet Arbeideren. Han var med i sentralstyret til NKP frå 1937 til -45 og på ny 1950-72. Under 2. verdskrigen flykta han i 1941 til Sverige, der han sat fengsla i halvtanna år. Etter han vart sett fri reiste han vidare til Storbritannia, der melde han seg til teneste i dei norske militære styrkane. Han var offiser i den norske styrken som deltok i frigjeringa av Finnmark vinteren 1945. Frå 1947 til -49 var han journalist i NKP-avisa Friheten, og der etter til 1963 partisekretær i Norges Kommunistiske Parti. Lippe var redaktør for boka Norges kommunistiske partis historie som kom ut i 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]