Just Roll Tape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Just Roll Tape: April 26th, 1968
Studioalbum av Stephen Stills
Utgjeve 10. juli 2007
Innspelt Tidleg 1968
Sjanger Rock
Lengd 40:16
Selskap Eyewall/Rhino
Produsent Stephen Stills
Stephen Stills-kronologi
Man Alive!
(2005)
Just Roll Tape: April 26th, 1968 Pieces
(2009)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Music Box3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[3]

Just Roll Tape: 26. april 1968 er eit demoalbum av Stephen Stills gjeve ut i 2007. Songane vart spelte inn under ei innspeling for Judy Collins i New York i 1968, då ho var ferdig med innspelinga si og hadde studiotid til overs. Stills betalte lydteknikaren sjølv for å la han spele inn ei plate med demoar. Men Stills gløymde lydbandet i studio og rekna med dei var gått tapt.

Då studio skulle leggast ned i 1978 vart musikaren Joe Colasurdo, som øvde der, fortalt av eigaren at han kunne ta alle lydbanda han ønskte før dei rydda ut av studioet. Etter å ha sett namnet til Stills på fleire boksar, tok Colasurdo vare på dei. Det tok Colasurdo 25 år å få lydbanda trygt attende til Stills. I 2003 fekk han kontakt med Graham Nash etter å ha møtt ein nær ven av Nash, Dan Curland som eigde Mystic Disc Record Store. Nash tok i mot lydbanda, gav dei vidare til Stills og oppfordra han til å gje dei ut.

Stills er den einaste musikaren på albumet. Han syng alle songane og speler akustisk gitar og dobro. «Treetop Flyer» er ikkje frå 1968-innspelingane.

Merk at datoen 26. april 1968 som står i albumtittelen ikkje er korrekt, sidan Stills då spelte med Buffalo Springfield i Arizona State Fairgrounds i Phoenix.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Stephen Stills, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelSeinare innspelingLengd
1.«All I Know Is What You Tell Me» 1:41
2.«So Begins the Task»Manassas2:26
3.«Change Partners»Stephen Stills 23:14
4.«Know You Got to Run»Stephen Stills 2 (kraftig omarrangert). Og spelt som ein del av «Everybody I Love You» på Déjà Vu3:12
5.«The Doctor Will See You Now» 2:38
6.«Black Queen»Stephen Stills3:06
7.«Bumblebee (Do You Need a Place to Hide?)»Som «The Love Gangster» på Manassas1:54
8.«Judy»Everybody Knows2:02
9.«Dreaming of Snakes» 1:45
10.«Suite: Judy Blue Eyes»Crosby, Stills & Nash6:33
11.«Helplessly Hoping»Crosby, Stills & Nash2:11
12.«Wooden Ships (Stills, David Crosby, Paul Kantner(Stills, David Crosby, Paul Kantner)Crosby, Stills & Nash2:26
13.«Treetop Flyer (Stills)»Stills Alone7:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Stephen Stills - vokal, gitar, Dobro, produsent
Teknisk
  • John Haeny - lydteknikar
  • Joe Vitale jr. - digital lydteknikar & miksing
  • Joe Vitale - miksing på spor 13
  • John Hanlon - miksing og digital lydteknikar spor 13
  • Steven Rhodes - assisterande lydteknikar
  • John Nowland - digital overføring
  • James Austin & Robin Hurley - oversyn
  • Marc Salata - produksjonmanager
  • Graham Nash - bilete
  • Joe Halbardier & Steve Woolard - prosjektassistanse
  • Elliot Roberts - leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Metzger, John (2011). «Stephen Stills - Just Roll Tape: 26. april 1968 (Album Review)». musicbox-online.com. Henta 21. januar 2019. 
  2. Jurek, Thom (2011). «Just Roll Tape: April 26th, 1968 - Stephen Stills | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019. 
  3. Fricke, David (2011). «Stephen Stills: Just Roll Tape : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Archived from the original on 27. mars 2009. Henta 21. januar 2019. 
  4. Liner notes to the Buffalo Springfield box set, Atco/Rhino Records, catalog no. R2 74324, gjeve ut 2001.