Joe Vitale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joe Vitale

Fødd2. april 1949 (75 år)
FødestadCanton, Ohio
FødenamnJoseph Anthony Vitale
OpphavUSA
Aktiv1969 til i dag
SjangerRock, softrock
Instrumenttrommer, perkusjon, klaverinstrument, fløyte, bassgitar, solovokal
Tilknytte artistarJoe Walsh
Barnstorm
Crosby, Stills and Nash
Eagles
PlateselskapABC
Asylum
Atlantic
Hit Records, LLC
Verka somsongar, låtskrivar, songar-låtskrivar, komponist, perkusjonist
BornJoe Vitale Jr

Joseph Anthony «Joe» Vitale (fødd 1949) er ein USA-amerikansk musikar hovudsakleg kjend som trommeslagar, men som òg spelar fløyte, klaverinstrumentist og syng. Han har spelt med mange kjende artistar attende til 1970-åra.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Joseph Anthony Vitale vart fødd i Canton i Ohio og byrja tidleg å spele trommer. Faren var barberar og byta hårklippar mot trommetimar fro sonen.[2]

Han skipa eit kortvarig band med broren og faren, som han kalla «Joe Vitale Trio Band». Vitale starte den offisielle karrieren sin i Ohio med eit band kalla The Chylds. Han gjekk etter kvart inn på Kent State University, og var der under skytinga den 4. mai 1970. Det nasjonale gjennombrotet hans kom då Ted Nugent tok han med på trommer i Amboy Dukes i 1971. Same hausten vart Vitale invitert med av den tidlegare klassekammeraten Joe Walsh til bandet Barnstorm, ei ny gruppe Walsh hadde danna i Colorado. Gruppa spelte to album i lag og Vitale og Walsh byrja eit langvarig partnarskap, sjølv om Barnstorm vart oppløyst i 1974.

Etter oppløysinga spelte Vitale ei kort stund for Michael Stanley Band (før Tommy Dobeck vart hyrt inn), og han spelte inn det første soloalbumet sitt i 1974, Roller Coaster Weekend, produsert av Ron & Howard Albert, med gitar av Walsh, Rick Derringer og Phil Keaggy. Han vart med i Stills-Young Band for Long May You Run. Seinare spelte Vitale mykje med Crosby, Stills & Nash på plate og turné frå og med CSN og fram til 2009. Han har òg produsert og skrive songar for Crosby, Stills & Nash, tillegg til at han har spelt på soloprosjekta til Stephen Stills og Graham Nash.

Samstundes vart venen Walsh med i Eagles og Vitale vart ein del av turnébandet til Eagles på trommer og klaverinstrument, og var med på konsertalbumet Eagles Live frå 1980. Det andre soloalbumet til Vitale, Plantation Harbor, produsert av Bill Szymczyk kom ug i 1981 med Don Felder og Walsh på gitar. Stephen Stills skreiv nokre av songane. Walsh/Vitale-songen «Pretty Maids All in a Row» var med på Eagles-albumet Hotel California. Vitale spelte på Walsh sine soloalbum fram til tidleg i 1990-åra.

Andre artistar Vitale har spelt i lag med er Dan Fogelberg, Peter Frampton, John Entwistle, Zakk Wylde (Book of Shadows), RAZ-albuma Tough Love & It's All About Me.

I 2008 gav Vitale ut Speaking In Drums.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joe Vitale (19. desember 2008). «Joe Vitale | Diskografi». AllMusic. Henta 17. oktober 2015. 
  2. «Offisiell nettstad of Drummer Joe Vitale». Joevitaleondrums.com. Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta 17. oktober 2015.