Emilie Enger Mehl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emilie Enger Mehl
2020 stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl portrett (cropped).jpg
Fødd8. august 1993 (29 år)
Lørenskog
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, realitydeltaker
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
Aalborg Sportshøjskole

Emilie Enger Mehl (fødd 8. august 1993) er ein norsk politikar og jurist. Ho er justisminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1] Ho er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet. Mehl tok eksamen i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2017. Gjennom fylkestingsvalet 2015 fekk ho plass i Hedmark fylkesting, der ho vart vald til nestleiar i Komiteen for økonomi, eigedom og regionalt samarbeid. Ved stortingsvalet 2017 var ho Hedmark senterparti sin andrekandidat og innvald til Stortinget. På Tinget hadde ho 2017-20 plass i Justiskomiteen, sesjonen 2020/21 var ho medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.

Deltakingar på fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

I 2015 vann Mehl fyrste sesong av AnnoNRK, som vart spela inn på Bryggen i Bergen.[2] I 2022 vann ho tredje sesong av Kompani Lauritzen.[3] Mehl takka nei til betaling for deltakinga i programmet og bad i staden om at honoraret skulle donerast til friviljuge organisasjonar.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 2021-10-15. Henta 15. oktober 2021. 
  2. «Sp-politikeren Emilie (21) er «Anno»-vinneren». VG.no (norsk). 6. mars 2015. Henta 1. mai 2022. 
  3. «- Forberedt på diskusjon». dagbladet.no (norsk). 30. april 2022. Henta 30. april 2022. 
  4. AS, TV 2 (27. august 2021). «Dette er årets Kompani Lauritzen-deltakere». TV 2 (norsk). Henta 19. november 2021. 
  5. NTB (20. oktober 2021). «Justisministeren gir bort «Kompani Lauritzen»-honorar». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 6. februar 2022.