Kårhamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°32′35″N 23°09′00″E

Kårhamn
FylkeTroms og Finnmark
KommuneHammerfest
Høgd over havet7±1 meter
Plassering

Kårhamn
70°32′40″ N 23°8′53″ E

Kårhamn[1] er eit lite fiskevær på øya Seiland sørvest for Hammerfest i Finnmark. Det ligg ved Sørøysundet, rundt 25 kilometer sørvest for byen Hammerfest.[2] Grunnkrinsen Kårhamn hadde 22 innbyggjarar den 1. januar 2017.[3]

Hovudnæringa i Kårhamn er fiske og fisketilverking. Fiskebruket er ått og drive av Lean Fish AS. Hovedproduksjonen består av tørrfisk og ferskfisk. Det vert årleg produsert mellom 500 og 1000 tonn med fisk i Kårhamn. Utanom fiskebruket er det ein liten skule/barnehage og butikk med postkontor og bibliotek.

Kårhamn låg tidlegare i Sørøysund kommune, men vart etter kommunesamanslåing 1. januar 1992 ein del av Hammerfest kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kårhamn». Faktaark. Kartverket. Henta 11. februar 2018. 
  2. Kårhamn på Norgeskart.no fra Statens kartverk, besøkt 11. februar 2018
  3. «Tabell: 04317: Folkemengde, etter grunnkrets». 20040509 Kårhamn. Statistisk sentralbyrå. Henta 11. februar 2018.