Tverrelvdalen
Tverrelvdalen | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Areal | 0,4 km² | ||
Folketal | 430 (2017) | ||
Folketettleik | 1 075 / km² | ||
![]() Tverrelvdalen |
Tverrelvdalen er ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Staden ligg søraust for byen Alta og har 430 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Staden er særleg kjend for å ha eit talemål ulikt resten av Finnmark, sidan det var utvandrande gudbrandsdøler som busette seg der på 1830-talet, altso ein generasjon etter at øysterdølene busette Bardu og gudbrandsdølene Målselv i Indre Troms. Talemålet er utsett for mykje eksponering og utjamning av områda rundt, der dei talar ytre finnmarksk. Talemålet i dag er mykje utvatna, men om nokon er interesserte kan de høyra litt på korleis det var hjå gamle på 1980-talet[1]. I tillegg til Tverrelvdal og Indre Troms so finn ein eit vestlandsk innflytjarmål (frå Voss?) på Kiby og Ekkerøy utanfor Vadsø[2], Sanitetsdalen og sørdelen av Hattfjelldal av trønder og austlendingar[3].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Har det på tunga...... (på norsk bokmål), henta 22. april 2021. Frå 12:35 av 1984-finale-episoden.
- ↑ Skjekkeland, Martin (15. november 2020). «dialekter og språk i Finnmark». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Hattfjelldal». Wikipedia (på norsk bokmål). 20. november 2020.
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.
Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.