Képler Laveran Lima Ferreira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pepe
Pepe Euro 2012.jpg
Fullt namn Képler Laveran Lima Ferreira
Fødd 26. februar 1983 (35 år)
Maceió i Brasil
Høgd 186 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for Beşiktaş
Draktnummer 5
Ungdomsklubb
1995-2001 Brasil Corinthians Alagoano
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2001-04
2004-07
2007-2017
2017-
Portugal Marítimo
Portugal Porto
Spania Real Madrid
Tyrkia Beşiktaş
63 (3)
64 (6)
229 (13)
18 (2)
Landslag**
2007- Portugal Portugal 91 (5)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 11. februar 2018.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 10. november 2017.

Képler Laveran Lima Ferreira, kjend som Pepe (fødd 26. februar 1983 i Maceió i Alagoas) er ein brasiliansk-portugisisk fotballspelar som spelar for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget. Han er fødd og oppvaksen i Brasil, men flytta til den portugisiske øya Madeira for å spela fotball for klubben Marítimo som 18-åring. I 2004 gjekk han vidare til toppklubben Porto og var med på å vinna den portugisiske serien med klubben i 2005/06 og 2006/07. 16. juli 2007 skreiv han under på ein femårskontrakt for Real Madrid og var med å vinna den spanske serien med dei i 2007/08, den tredje ligameisterskapen hans på rad. I desember 2009 fekk han eit roke korsband i kneet, og skaden var venta å setja han ut av spel i eit halvt år. I 2011/12- og 2016/17-sesongen vart han igjen seriemeister med Real Madrid, og i 2014, 2016 og 2017 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei.

Pepe vart portugisisk statsborgar i august 2007, og 30. august same året vart han kalla inn til ein portugisisk A-landslagstropp for første gong. Han debuterte for Portugal 21. november 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Han spelte alle Portugal sine kampar under fotball-EM i 2008. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 vart han ofte brukt som defensiv midtbanespelar. Deltakinga hans i fotball-VM vart sett i fare av korsbandskaden hans i desember 2009, men han vart frisk i tide og spelte i to av Portugal sine kampar i meisterskapen. I EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen. I 2016 vart han europameister med Portugal.