Cristiano Ronaldo
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro | ||
| Fødd | 5. februar 1985 (40 år) | ||
| Fødestad | Funchal | ||
| Høgd | 185 cm | ||
| Posisjon | Angrep | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag |
| ||
| Nummer | 7 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1993-95 1995-97 1997-2002 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2002-2003 2003-2009 2009-2018 2018-2021 2021- |
|
25 (3) 196 (84) 292 (311) 98 (81) 16 (8) | |
| Landslag | |||
| 2002-2003 2004 2003- |
|
10 (3) 3 (2) 184 (115) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. januar 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 3. januar 2022 | |||
Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro (fødd 5. februar 1985 i Funchal på Madeira i Portugal) er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar per 2022 for den engelske klubben Manchester United, og har tidlegare spela for Real Madrid, Sporting Lisboa og Juventus.
Han vart ligameister med Sporting Lisboa i 2003, og i august same året skreiv han under for United. Mange frykta at presset vart stort for den dåverande 18-åringen sidan han fekk den legendariske trøya nr. 7. Ronaldo meistra forventningspresset fint, og var med på å vinne FA-cupen i den fyrste sesongen sin. Han vart toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 31 seriemål, og var Manchester United sin toppskårar i Premier League også i 2006/07- og 2008/09-sesongen. Han vann Premier League med Manchester United tre gonger, i 2007, 2008 og 2009. I 2008 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med United, og i 2008 VM for klubblag. Han vart kåra til årets spelar i Premier League i 2006/07-sesongen og i 2007/08-sesongen. I 2008 vart han òg kåra til årets spelar i verden av FIFA.
Med Real Madrid har han vunne den spanske serien, i 2012, og Meisterligaen i 2014. Han var klubben sin toppskårar i serien fire sesongar i strekk frå 2010/11-sesongen og framover. Han vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2010/11- og 2013/14-sesongen. I fotball-EM i 2012 spela han alle Portugal sine fem kampar og skåra tre mål då Portugal nådde semifinalen i meisterskapen. Han vart dimed ein av seks spelarar som delte tittelen som toppskårar i turneringa.
Cristiano Ronaldo vert rekna som ein av dei mest talentfulle spelarane i Europa, og har fast plass på det portugisiske herrelandslaget i fotball. Han debuterte på landslaget i august 2003, og var ein av dei beste spelarane på laget under EM i 2004, der han skåra to mål. Mest kjend er C. Ronaldo for dei vanvittige fintene og finessane sine i tillegg til ein svært god basisteknikk. Skot- og pasningsfoten hans er også i orden og alt i alt er han ein av dei klart mest talentfulle spelarane i verda på sin alder.
Karriere som spelar (alle turneringar)
[endre | endre wikiteksten]Per 3. januar 2022
| Klubb | Kampar | Mål | Periode |
|---|---|---|---|
| 25 | 3 | 1999-2003 | |
| 196 | 84 | 2003-2009 | |
| 292 | 311 | 2009-2018 | |
| 98 | 81 | 2018-2021 | |
| 16 | 8 | 2021- |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Cristiano Ronaldo - Player Profile. Transfermarkt
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1985
- Portugisiske fotballspelarar
- Sporting-spelarar
- Real Madrid-spelarar
- Manchester United-spelarar
- Spelarar i Fotball-EM 2004
- Spelarar i Fotball-VM 2006
- Spelarar i Fotball-EM 2008
- Spelarar i Fotball-VM 2010
- Spelarar i Fotball-EM 2012
- Spelarar i Fotball-VM 2014
- Spelarar i Fotball-EM 2016
- Spelarar i Fotball-VM 2018
- Juventus-spelarar