Kaduna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 10°31′N 7°26′E

Kaduna er ein by og hovudstaden i delstaten Kaduna i det sentrale Nigeria. Byen, som ligg ved Kadunaelva, er eit viktig samferdsle-, handels-, finans- og industrisenter for den nordlege delen av Nigeria og dei nærliggjande jordbruksområda grunna tilknytinga med veg og jernbane. Han ligg elles 220 km sørvest for den større byen Kano. Folketalet i Kaduna var 1 652 844 i 2006. Symbolet på byen er ei krokodille, som er kada på det lokale språket hausa.

Byen er også det viktigaste senteret for tekstilindustri i landet. Elles omfattar industrien mellom anna petroleumsraffineri, stålvalseverk, produksjon av transportmiddelutstyr og nærings- og nytingsmiddel. Ein finn også ein del handverksindustri, som tekstilar, lærarbeid og keramikk. Viktige handelsvarer er kveg, jordnøtter (peanøtter), bomull osb. Kaduna er elles sete for ein teknisk høgskule, eit militærakademi og dei geologiske undersøkingane i Nigeria.

Kaduna vart grunnlagd av britane i 1917 i samband med bygginga av jernbana frå Lagos til Kano.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]