Kaiju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marknadsføringsbilde for King Kong (1933).

Kaiju (frå japansk kaijū, ‘vedunder’) eller kjempemonster[1][2] er filmmonster av kjempestorleik kjende frå spelefilmar.[3] Storleiken på kaijuar varierer historisk, men vanlegvis bruker ein kjempemonster om alle monster som er umogleg store.

Typisk opptrer kjempemonster i miljø med tett busetnad på grunn av storleiken sin. Der finst det mange fargreier og bygningar som kan øydeleggast med stor visuell effekt, og dessutan mange menneske som kan utsetjast for fare. Kjempemonsterfilmar er vanlegvis av skrekk- og/eller katastrofetype, men i japanske filmar finst det gjerne òg ein god del action. Eit tradisjonelt japansk opplegg er å la to eller fleire kjempemonster slåst mot kvarandre, såkalla monsterduellar og monstermatchar, av og til òg «versus-filmar».[4]

Soger om opphavet til kjempemonster varierer mykje historisk. I byrjinga var dei fleste slike monster førhistoriske vesen som hadde overlevd til moderne tid og sidan kome i kontakt med menneske. Etter andre verdskrigen blei det vanlegare at radioaktiv stråling frå kjernevåpen muterte dyr og ting til gigantiske versjonar av seg sjølv. Utover dette er tradisjonelle utanomjordiske skapningar òg ei vanleg form for kaijumonster.

Bildedøme[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forhistoriske kjempemonster i mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Svensk filmplakat for En försvunnen värld (1925).

Grunnlaget for kjempemonster-ideen verka å ha byrja med filmen The Lost World frå 1925, basert på boka ved same namn av Arthur Conan Doyle. Filmen har eigentleg ingen «umogleg store» monster i seg, berre rekonstruksjonar frå samtida av dinosaurar, slik at han kanskje ikkje er ein rein kjempemonsterfilm. Opplegget i filmen var lliekvel revolusjonerande, og la grunnen for seinare kjempemonsterfilmar. Filmen går føre på eit uutforska bergplatå som geografisk liknar ei aude øy og som kryr av førhistoriske dinosaurar. I enden av filmen blir ein av dinosaurane slept fri på gatene i London, og detter var truleg fyrste gongen eit stort dyremonster gjekk laus på eit utbygd område på film.

The Lost World kom mellom anna til å inspirera den verdskjende filmen King Kong frå 1933, som er blitt omtalt som verdas fyrste kjempemonsterfilm.[5][6] King Kong endra konseptet frå The Lost World gjennom å transformera bergplatået til ei aude øy og plassera dyremonster av umogleg storleik anna enn dinosaurar her, som gigantiske insekt. Det mest nyskapande var å gje rolla som hovudperson til eit kjempemonster, kjempegorillaen King Kong, og sentrera filmen kring denne. Dette konseptet er sidan blitt kopiert verda over og blitt ein standard innan sjangeren og liknande monsterfilmer, sidan ofte kalla "Creature Feature" (vesen-film).

Gigantiske atommonster frå 1950-talet[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk teaterplakat for Them!, 1954.

Etter andre verdskrigen byrja opphavssogar for kjempemonster å flytta seg frå forhistoriske overlevingar til monster skapte av dyr og ting som var blitt utsett for kraftig radioaktivitet og deretter muterte til gigantiske monster, eit resultat av redsla for kjernevåpen som gjekk verda rundt under kalde krigen.[7]

Iden om kjernevåpenmuterte monster har til stor del blitt popularisert av den japanske kaijuen Godzilla, det absolutt mest kjende monsteret i sjangeren, som fyrst blei introdusert i 1954. Godzilla er i mange fortolkingar eit reptil som er blitt utsett for tung stråling (t.d. av Hiroshimabomba) og har deretter mutert til eit eldsprutande kjempemonster som går til åtak på Japan, ein direkte allusjon til kjernevåpenåtaket Japan blei utsett for under dei siste dagane av andre verdskrigen.[7]

Godzilla var likevel ikkje fyrst ute med å nytta kjernevåpen som skapingssoge for eit kjempemonster. Denne tittelen går til filmen The Beast from 20,000 Fathoms frå 1953 eit år tidlegare. Om skrekkøgla i denne filmen faktisk er mutert av radioaktivitet blir ikkje forklart spesifikt i filmen, men ho blir gjort fri frå ei naturleg kryopreservering gjennom ei prøvesprenging av ei atombombe ein stad i Arktis.[8] Skrekkøgla sym sidan til nordaustlege USA og går derfrå til New York for å terrorisera befolkninga.[8]

Andre døme på atommonster er mellom anna filmen Them!, der maurar blir muterte og blir gigantiske, også denne frå 1954.[7]

Gigantiske rommonster frå 1960-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1960-talet byrja det bli populært med kjempemonster frå verdsrommet, truleg popularisert av då pågåande romkappløpet. Dømet på dette er mellom anna Godzilla-filmen San Daikaijū: Chikyū Saidai no Kessen, der «romdraken» King Ghidorah blir introdusert for fyrste gong, men òg meir obskure filmar som Uchū Daikaijū Girara; ‘det kosmiske kjempevedunderet Guilala’.

Liste over kaijuar[endre | endre wikiteksten]

Kaijuar frå mediafranchisen til Tōhō KK[endre | endre wikiteksten]

Kaijuar frå mediafranchisen til Daiei Eiga KK[endre | endre wikiteksten]

Kaijuar frå mindre mediafranchisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Samningen», www.nb.no, 20. mai 2021, henta 17. oktober 2023 
  2. «Harstad Tidende». Harstad. 2017-10-05. s. 27. 
  3. «Kaiju». tvtropes.org. Henta 4. juni 2022. 
  4. «Ghidorah The Three Headed Monster (1964) Episode 5». cinemassacre.com. 2008. Henta 5. juni 2022. 
  5. «THE FIRST `LOST WORLD'». chicagotribune.com. Arkivert frå originalen 11. oktober 2019. Henta 10. juni 2022. 
  6. «The evolution of the giant monster movie». denofgeek.com. Henta 10. juni 2022. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «The Genius of Monster Movies». medium.com. Henta 4. juni 2022. 
  8. 8,0 8,1 «The Beast from 20,000 Fathoms - movie review». Henta 10. juni 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kaiju