Kaj Birksted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaj Birksted
KBirksted.jpg
Fødd 2. mars 1915
København
Død

21. januar 1996

Yrke flygar, offiser
Birksted mottok Krigskrossen med sverd, den høgaste utmerkinga i Noreg
Foto: KEN

Kaj Birksted (2. mars 191521. januar 1996) var ein dansk offiser, under andre verdskrig jagerpilot i det norske luftforsvaret i England. Han er den einaste utlending som har motteke det norske Krigskorset to gonger (Krigskrossen med sverd og stjerne, seinare endra til to sverd).[1]

Oppvekst i USA[endre | endre wikiteksten]

Birksted var fødd i Danmark, men budde dei første tolv åra av livet i USA, fram til familien flytta tilbake til heimlandet. Han tok handelsutdanning før han i 1936 vart teken opp ved flygeskolen til den danske marinen. To år seinare vart han utnemnt til flyløytnant i reserven.

Andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Kort etter den tyske invasjonen av Danmark i 1940 flykta Birksted saman med ein kollega, Charles M. Sundby, til Noreg der han slutta seg til dei norske styrkane. Han følgde med under evakueringen til Storbritannia, og vart teke opp som elev, seinare instruktør, ved den norske flyskolen Little Norway i Canada. I 1941 vart han overførd til England, der han vart jagerflyver fyrst ved 43 Squadron, deretter ved den norske 331 (N) Squadron. Her vart han flyveress, med 10 stadfeste og 10 ubekrefta nedskytingar av fiendtlege fly.

Etter ei kort tid som instruktør ved Fightar Leaders School i 1943, vende han attende til 331 som Wing Commander og norsk oberstløytnant. I 1944 var han vekselvis i aktiv teneste og i stabsjobb, mellom anna ved Rafs 11. Group’s Combined Control Center.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Birksted mottok fleire ordenar, dekorasjonar og medaljar for sit virke under andre verdskrig. Han er den einaste utanlandske borger som har motteke det norske Krigskorset to gonger. Han vart tildelt den norske Krigsmedaljen «for å ha ydet Noregs Forsvar store tjenester ved aktiv deltakelse i luftoperasjonar mot fienden gjennom lengre tid».[2] Vidare mottok han Haakon VIIs 70-årsmedalje og Deltagermedaljen med rosett.[3] Birksted vart i 1946 utnemnt til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.[4]

Birksted vart riddar av Dannebrogordenen i 1949 og mottok Dannebrogordenens hederstegn i 1951.[5] Han vart òg tildelt Kong Christian Xs erindringsmedalje for deltaking i krigen 1940–45.[6]

Frå Storbritannia mottok han utmerkingane Distinguished Service Order og Distinguished Flying Cross og vart utnemnt til offiser av Order of the British Empire.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Etter frigjeringa i 1945 vart Birksted oberstløytnant i det danske forsvaret og leiar for Kontoret for luftmilitære sakar, seinare formann for Det luftmilitære utval og luftmilitær rådgjevar for forsvarsministeren. I 1950 vart han utnemnt til oberst og sjef for flyverstaben, frå 1960 knyttet til NATO.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2009 vart ei byste av Birksted, utført av den færøyske billedhuggeren Hans Pauli Olsen, sett opp i Flyvevåbenmuseet ved Danmarks Flymuseum. Året etter, 5. mai 2010, vart eit minnesmerke, ei byste utført av billedhuggeren Gudrun Steen-Andersen montert på ein sokkel av norsk granitt, sett opp i Churchillparken ved Frihedsmuseet i København.[7][8]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Cato Guhnfeldt.Spitfire Saga. Pionértid – Bind I, 2009, Wings. ISBN 9788299807104
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. Sommeren 1942/Dieppe – Bind II, 2009, Wings. ISBN 9788299807111
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. Full innsats – Bind III, 2010, Wingsi. ISBN 9788299807128
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. Mot overtak i lufta – Bind IV, 2013, Wings. ISBN 9788299807135
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. 132 Invasjonen; Bind V, 2014, Wings. ISBN 9788299807142I

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren
  2. Krigskoset og St. Olavsmedaljen med ekegren
  3. Arkivert 9. november 2013 på Wayback Machine.
  4. Noregs statskalender 1947
  5. «Kaj Birksted»
  6. Krake Blå Bok
  7. Buste af Kaj Birksted
  8. 2. desember 2013 hos

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]