Kantjendjunga nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Topografisk kart over Kantjendjunga nasjonalpark.

Kantjendjunga nasjonalpark (engelsk Khangchendzonga National Park, tidlegare Kanchenjunga National Park) eller Kantjendjunga biosfærereservat er ein nasjonalpark nord i den indiske delstaten Sikkim som ligg ved fjellet Kantjendjunga i Himalaya og grensar til Kantjendjunga naturvernområde i Nepal i vest. Parken blei skipa 26. august 1977 og dekkjer eit område på 1784 km².[1]

Kantjendjunga er verdas tredje høgaste fjell, og nasjonalparken har ei høgd over havet på mellom 1830 meter og over 8550 meter. Parken omfattar fleire fjelltoppar, som Pandim i tillegg til Kantjendjunga, isbrear som Zemo- og Simyobreen, og høgfjellsdyr som moskushjort, himalayatahr, treleopard og snøleopard.

Økosystem[endre | endre wikiteksten]

Orkidéar i nasjonalparken.

Nedre område av parken har lauvskog med ulike typar eik (Quercus lineata, Quercus lamellosa, Quercus pachyphylla), lønn (Acer Campbellii), magnolia (Magnoilia campbellii), kaneltre (Cinnamomum obtusifolium) og tre som Schima wallichii, Castanopsis, Engelhardtia, Juglans regia og Michelia cathcartii. Over 2 700 meter finn ein blanda skog med furu (Abies densa), gran, einer, lønn, rhododendron og bambus (Arundinaria). Over 3 650 meter veks lågare buskar og urter som Aconitum, Anemone, Primula, Meconopsis, Delhpinium, Iris gentiana og låge einertypar. Fleire plantar er viktige i tradisjonell religion eller medisin, som vendelrota Nardostachys jatamansi, rabarbraen Rheum emodi og ginsengtypen Panax pseudoginseng.

Det finst rundt 550 ulike fugleartar i parken, som blodfasan, satyrtragopan, himalayahøne, himalayagribb og ulike solfuglar, duer, hubroar og ørner.

Av pattedyr kan nemnast kattedyr som leopard, treleopard, snøleopard, bjørnar som asiatisk svartbjørn, leppebjørn og raud panda, sibetkattar, tibetansk villesel, blåsau, moskushjort og himalayatahr. Ein eigen underart av asiatisk villhund lever også her, men er i følgje nylege undersøkingar blitt sjeldne i området.[2]

Folk i nasjonalparken[endre | endre wikiteksten]

Fjelloasset Dzongri La, ein del av nasjonalparken.
Utsyn mot Kantjendjunga frå Goecha La, med bøneflagg i framgrunnen.

Nokre busetnader av lepchafolk, ei innfødd folkegruppe, finst i parken. Elles er parken eit verneområde som ein treng løyve til å vitja. Som regel kan ein få dette saman med ein inngangsbillett. Det finst fleire ruter ein kan gå gjennom parken, til dømes frå Yuksom til Dzongri, Bakim til Goecha-la og Dzongri til Khangerteng. Dei beste tidene å vitja parken på er april-mai og august-oktober. Monsunregn om sommaren og mykje snø om vinteren kan hindra gjennomfart.

Den næraste byen til nasjonalparken er Chungthan, 20 km unna, og den næraste storbyen er Gangtok, hovudstaden i Sikkim.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]