Karin Boye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karin Boye
Karin Boye, 1940s.gif
Fødd 26. oktober 1900
Göteborg, Domkyrkoförsamlingen i Göteborg, Tyska Christinae församling
Død

24. april 1941
Oscar församling, Alingsås

Yrke omsetjar, lyrikar, romanforfattar, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, skribent
Karin Boye på Commons

Karin Maria Boye (26. oktober 1900–april 1941) var ein svensk forfattar. Ho er best kjend som lyrikar, men hun har også skrive fleire romanar og essay.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Karin Maria Boye var fødd i Göteborg[1] den 26. oktober 1900 av foreldre Signe og Carl Fredrik Boye. Familien flytta til Stockholm i 1909, og til forstaden Huddinge sørvest for Stockholm i 1915.

Boyeavla «studentexamen» i 1920 og «folkskollärarinneexamen» 1921. Så studerte hun gresk, nordiske språk og litteraturhistorie ved Universitetet i Uppsala. I 1928 tok ho filosofisk embetseksamen ved Stockholms högskola.

I 1927 blei Boye medlem av redaksjonen til det svenske sosialistiske tidsskriftet Clarté.

Ho var ei tid gift med Leif Björk, men ekteskapet blei oppløst i 1933. Etter dette stod Boye relativt åpent fram som homofil, og levde saman med den tyske kjæresten sin Margot Hanel resten av livet. På denne tida var homoseksualitet framleis forbode etter svensk lov.

Karin Boye døyde etter å ha tatt ein overdose med sovepiller om kvelden 23. april 1941. Deretter gjekk ho tynnkledd ut og sette seg for å venta på døden.[2] Ho blei funnen neste dag. Halldis Moren Vesaas skreiv diktet «Karin Boye funnen død» etter at dødsfallet blei kjend. Her hetier det mellom anna «...den frosne har frose i hel».

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Karin Boye debuterte i 1922 med diktsamlinga Moln. Seinare følgde samlingane Gömda land, Härdarna, För trädets skull og, etter at ho hadde døydd i 1941, De sju dödssynderna och andra dikter. Innhaldet i dikta hennar er prega av ein indre personlegdomskamp, ei spenning mellom pliktkjensle, drift og skam. Mange dikt inneheld bibelske referanser, og desse og andre vitnar om ei uforsona gudslengsle. I form varierer dikta frå det klassisk enkle til det surrealistiske. Av kjende dikt kan nemnast «Ja, visst gör det ont när knoppar brister» (frå För trädets skull og «I rörelse» (frå Härdarna).

Romanen Kris frå 1934 er rekna av mange for å ha sjølvbiografiske. Romanen Kallocain frå 1940 er ein skrekkvisjon om ein framtidig politistat, og er eit av dei tidlegaste skandinaviske arbeida innanfor dystopi-sjangeren.

Boye omsette også verk av Thomas Mann og T.S. Eliot.

Annet[endre | endre wikiteksten]

Det er gitt ut mange svenske plater med tonesettingar av dikta til Karin Boye. I 2004 gav den norske jazz-songaren Eldbjørg Raknes ut plata Många röstar talar der ho syng nokre av Boye sine dikt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Peter Linde sin statue av Karin Boye utanfor Göteborgs stadsbibliotek.

Romanar:

  • Astarte, 1931
  • Merit vaknar, 1933
  • Kris, 1934
  • För lite, 1936
  • Kallocain, 1940

Diktsamlingar:

  • Moln, 1922
  • Gömda land, 1924
  • Härdarna, 1927
  • För trädets skull, 1935
  • De sju dödssynderna och andra dikter, 1941 (gjeven ut posthumt av Hjalmar Gullberg)
  • Samlade skrifter I-X, 1948-50, gjeven ut av Margit Abenius

Omsetjingar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bengt A. Öhnander, Statyer berättar – 76 konstverk i Göteborg. Tre böcker: Göteborg 2004, s. 45
  2. Abenius, Drabbad av renhet, 1950 s.399ff

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]