Karl Hammerstedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Karl Eugen Hammerstedt (19. mai 190328. desember 1960) var ein norsk arbeidar og byråkrat frå Porsgrunn. Han representerte Norges Kommunistiske Parti og kjøpstadene i Telemark og Aust-AgderStortinget i perioden 1945–49.

Foreldra hans vart tidleg skilde og Hammerstedt voks opp hos mor si, som dreiv eige pensjonat. Sjølv utdanna hans seg ved treårig teknisk kveldsskule. Han var samstundes lærling på sykkelfabrikk og på bilverkstad, seinare arbeidde han i fleire bilfirma. Frå 1928 og fram til 1949 var Hammersted fyrst mekanikar, sidan røyrleggar ved Norsk Hydro på Herøya i Porsgrunn og ved Eidanger Salpeterfabrikk.

I fleire periodar var Hammerstedt sekretær i Herøya Arbeiderforening og i 1945 formann. Same året var han også medlem i representantskapet til Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og 1945-49 i representantskapet i Landsorganisasjonen. I tida 1935–40. var han medlem i Porsgrunn bystyre. Hausten 1945 vart Hammerstedt vald inn på Stortinget, der han var del i den 11 personar store NKP-gruppa. Han sat dei neste fire åra som medlem i Protokollkomiteen.

Frå 1950 til han døydde var Hammerstedt forbundssekretær i Landsforeininga for Hjarte- og Lungesjuke, ein organisasjon han hadde vore formann for frå 1947 til -49. Han døydde i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]