Karl Ivarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Ivarsson
Fødd 7. juli 1867

Trondenes

Død 10. desember 1922
Parti Venstre

Karl Marenius Ivarsson (7. juli 186710. desember 1922) var ein norsk skulemann og politikar frå Trondenes i Troms. Han var stortingsmann frå 1919 til 1922 for partiet Venstre.

Karl Ivarsson var son til ein fiskar frå Kasfjord i dåverande Trondenes herad. Han dreiv sjølv fiskje i yngre år, gjekk så 1886-88 seminaret i Tromsø. Der etter var han lærar 1898-90 i Måsøy og 1891-98 i Trondenes og Harstad. Frå våren 1898 til 1918 underviste han ved folkeskulen i Vardø, siste fem åra som skulestyrar. Jamsides var han kyrkjesongar i Vardø. I tida frå 1. oktober 1920 til han døydde i desember 1922 var han skuledirektør i Finnmark.

Ivarsson var forlikskommissær i Vardø 1901-17 og bystyremedlem 1904-22. Treårsperioden 1913-16 var han ordførar i Vardø. Hausten 1918 vart han vald til stortingsrepresentant for dei tre byane i Finnmark og Venstre, attvald hausten 1921 som ein av fire representantar frå dei seks byane i Nord-Noreg. På Stortinget var han heile vegen medlem i Konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]