Karsten Isachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karsten Isachsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1944
Oslo
Død

18. januar 2016 (71 år)
Ål

Yrke prest, skribent
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Karsten Einar Isachsen (22. februar 194418. januar 2016) var ein norsk prest, teolog og forfattar. Som prest var han kjend som ein fornyar av norsk preikekunst; etter at han slutta i fast presteteneste markerte han seg som føredragshaldar og forfattar av kristen litteratur.

Karsten Isachsen vaks opp i Oslo med foreldra Margit Lolloe f. Gjertsen (1907-1988) og Knut Isachsen (1906-1993). Han tok artium ved Kristelig Gymnasium i 1962, og studerte til cand.theol. ved Menighetsfakultetet. Han tok praktikum ved Universitetet i Oslo i 1970. Mens hans studerte, arbeidde han i Barne- og Ungdomsavdelinga i NRK og som lærar i Oslo-skulen. Han vart ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1970 og arbeidde som prest i Oslo til han i 1975 vart prest i Hol i Hallingdal.[1]

Sidan 1985 arbeidde Isachsen som forfattar og føredragshaldar. I 1975 kjøpte han fjellgarden Eivindplass, og budde der resten av livet. Fjellgarden bygde han ut til arrangements- og konferansesenter.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(Utdrag)[3]

  • Gjester som ikke vil gå (1978)
  • Fjellet som flyttet seg (1979)
  • Som når et barn kommer hjem (1981)
  • Vis meg ditt ansikt (1982)
  • Det handler om å leve (1986)
  • Ut av ensomheten (1986)
  • Før vi går fra hverandre (1987)
  • Sint, sant, sunt (1991)
  • En slitesterk livsstil (1994)
  • Et stort indre landskap (1996)
  • Ro med gyldne årer (1996)
  • Lyspunkter (2003)
  • I Gledens Gud (2008)
  • Livsglede (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]