Hopp til innhald

Khalkída

Khalkída
Lokalt namn Χαλκίδα

Den gamle brua i Khalkída
Geografi
StadSentral-Hellas
Koordinatar38°27′45″N 23°35′42″E / 38.46250°N 23.59500°E / 38.46250; 23.59500
Areal412,4 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Évvia
HovudseteKhalkída (64 490 innb.)
Demografi
Folketal109 256 (2021[1])
Folketettleik264,9 /km²

Khalkída (gresk skrift Χαλκίδα), òg skrive Khalkis, Halkida, Halkis, Chalkida, Chalcis eller Chalkis) er ein by og ein kommune på øya Évvia. Han er hovudstad i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Han ligg ved det smalaste punktet i Évripossundet. Namnet er bevart sidan antikken og kjem av det greske ordet χαλκός, som tyder kopar eller bronse), sjølv om det ikkje er spor etter gruver i området.

Den tidlegaste skriftlege kjelda om Khalkis (Khalkída) er frå Iliaden (2.537), der han vert nemnd i lag med rivalen Erétria. Graver ved Trypa og Vromousa frå den mykenske perioden vart greve ut av Papvasileion i 1910. På 700- og 600-talet fvt. grunnla kolonistar frå Khalkída tretti bysamfunn på halvøya Khalkidikí og fleire viktige byar på Sicilia. Mineral, metallarbeid og purpurfarga klede og keramikk vart fordelt over heile Middelhavet i skip frå Korint eller Sámos.

Med hjelp frå desse allierte gjekk Khalkída til krig mot nabobyen Erétria i den såkalla lelantinarkrigen, der han vann til seg dei beste jordbruksområda på Évvia og vart den viktigaste byen på øya. Tidleg på 500-talet fvt. tok velstanden slutt etter ein katastrofal krig mot atenarane, som kasta ut det styrande aristokratiet og oppretta ein klerukh her. Khaklis vart så medlem av Det athenske forbundet.

I den hellenistiske perioden vart festninga i byen nytta av makedonske herskarar, som kontrollerte Sentral-Hellas. Han vart nytta som base av kongane Antiokhos den store (192 fvt.) og Mithradates VI av Pontos (88 fvt.) for invasjonar av Hellas.

Romersk styre og tida etter

[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av Romarriket oppnådde Khalkída igjen velstand som handelsby, og etter 500-talet evt. hadde han igjen ei festning som verna Sentral-Hellas mot invasjonar frå nord. Frå 1209 kom han under ventiansk kontroll. I 1470 gjekk han vidare til Det osmanske riket, som gjorde han til sete for ein pasha. I 1688 stod han imot eit kraftig åtak frå venetianarane.

Den moderne byen

[endre | endre wikiteksten]

Byen fekk jernbanesamband med Aten og Pireus i 1904 og eksporten av varer auka kraftig. Ein stor del av dei gamle bymurane raste saman under eit jordskjelv i 1894. I 1899 vart Khalkída hovudstad i prefekturet Évvia.

Byen er i dag forbunde til det greske fastlandet via to bruer. Det vart bygd bru over Évripossundet, som skil byen frå fastlandet, alt i 411 fvt. Under Justinian vart brua erstatta av ein brukonstruksjon som kunne flyttast, før tyrkarane erstatta denne med ei fast bru. I 1856 vart det bygd ei svingbru av tre og i 1896 ei svingbru av jern. I 1962 var ei glidebru bygd, medan hengebrua sør for byen vart opna i 1993.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Den tidlegare kommunen Khalkída, no kommunaleininga Khalkída

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 109 256 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khalkída hadde 64 490, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KhalkídaKhalkída59 12564 490
Néa ArtákiNéa Artáki9 48910 302
VasilikóLilándia6 5717 695
DrosiáAnthidóna5 0205 449
Ájos NikólaosLilándia3 4263 141
Paralía AvlídasAvlída3 1153 042
RitsónaAvlída5352 386
VathýAvlída2 3852 229
Néa LampsákosLilándia2 1961 880
MýtikasLilándia1 8081 814
FýllaLilándia1 4591 313
AfrátiLilándia1 4051 215
FárosAvlída1 1711 171
LoukísiaAnthidóna1 161877
Kalokhóri-PandíkiAvlída922764
XiróvrysiAnthidóna878411
ParalíaAvlída602405
Referansar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]