Khat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Khat

Catha edulis.jpg

Vitskapleg namn
Catha edulis
(Vahl) Forssk.ex Endl.
Utbreiing
Utbreiing: Sørlege Afrika og Arabia
Systematikk
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Celastrales
Familie: Celastraceae
Slekt: Catha
C. edulis

Khat (Catha edulis) er ein plante tradisjonelt brukt som rusmiddel i Aust-Afrika og Sørvest-Arabia. Ved å tygga ferske blad frigjer ein dei euforiserande stoffa katinon og katin, som er svakt sentral­stimulerande. Verdshelseorganisasjonen WHO erklærte at khat var eit narkotika i 1980, og stoffet er totalforbode i Noreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Planten stammar frå Etiopia, men finst no i store delar av austre Afrika og sørlege Arabia, både vilt og dyrka. Khatplantane kan vera små buskar eller tre på opptil 15, men meir normalt 3 til 6 meter. Barken er lys gråbrun, blada brunraude. Blada er motstilde med avlang form, små sagtenner i kantane og korte stilkar. Dei varierer i lengd frå 3 til 12 cm. Blomane er små og kvite, frukta avlang og mørkebrun og inneheld 1 til 3 frø.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Khathandel i Jemen.

Khat er brukt som eit sosialt rusmiddel på linje med tobakk eller alkohol av både menn og kvinner. Brukarar tygg ferske blad og stilkdelar. Ved å svelga safta som blir skild ut får dei i seg dei narkotiske stoffa. Tygging er den mest vanlege måten å innta stoffet på, men ein kan også bruka khat i te, matretter eller røyka det. I tillegg til at ein tygg det i sosiale samanhengar kan ein òg bruka planten som eit stimulerande middel, som kaffi, for å halda seg vaken eller auka konsentrasjonen. Nokre muslimar bruker òg stoffet som hjelpemiddel til å fasta under ramadan, ettersom det senkar appetitten.

Tradisjonelt har ein berre brukt khat i vekseområda til planten, ettersom den stimulerande verknaden forsvinn når blada er rundt 4 dagar gamle. Med betre transportmiddel og meir reising og migrasjon har bruken spreidd seg til andre delar av verda, men brukarane har fortsatt gjerne tilknyting til Arabia eller Aust-Afrika.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Mann med khat i Jemen.

Kva verknad bruken av planten har avheng av kor fersk han er, kor mykje og kor fort ein tygg, og eins eigen kropp. Dei sentralstimulerande stoffa katinon og katin er norefedrin som verker liknande amfetamin, men òg kan samanliknast med efedrin og koffein. Vanlegvis vil hjartet slå fortare, blodtrykket auke og kroppen bli varm. Ein blir pratsam, livleg eller uroleg, og får mindre appetitt. I nokre tilfelle kan brukarane få hallusinasjonar. Bruk av stoffet over lengre tid kan forsterka psykiske lidingar og føra til psykosar, og til sårdanning i munnen som ved høgt forbruk kan utvikla seg vidare til betennelsar i munnhola, matrøyret eller magesekken. Forsking tyder òg på at mykje bruk kan auka sjansen for å få hjarteproblem og munnholekreft. Tygging av planten kan òg hindra bakterievekst i munnen, og er dermed godt for tannhelsa, utan at det veg opp for dei negative sidene ved bruken.

Ein får ikkje merkbare abstinenssymptom av khat, men stoffet kan skapa psykologisk avhenge. Bruken kan òg føra til at ein trekker seg vekk frå familien og får økonomiske problem fordi ein bruker store delar av formuen sin på stoffet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]