Kjartan Slettemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjartan Slettemark
Kjartan Slettemark, Stockholm 2006.jpg
Fødd 6. august 1932
Død

13. desember 2008

Yrke kunstmålar, bilethoggar
Kjartan Slettemark på Commons

Kjartan Slettemark (6. august 193213. desember 2008) var ein norsk-svensk kunstnar. Slettemark var fødd i Naustdal i Sunnfjord og budde i Stockholm i store delar av det vaksne livet sitt, der han døydde.[1]

Slettemark var utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo, Statens kunstakademi i Oslo, Gerlesborgskolan og Konsthögskolan i Stockholm. Som eit kunstprosjekt oppretta han ein stat utan territorie, kalla Kjartanistan, der han sjølv var «stasminister». Han var svensk og kjartanistansk statsborgar.

Slettemark fekk kunstnarløn frå den svenske staten. I 2001 vart Slettemark tildelt Norsk kulturråds ærespris.

Onkelen hans var læraren og forfattaren Aasbjørn Slettemark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kjartan Slettemark er død» av Ivar Longvastøl på Firda.no (13.12.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]