Kjempebjørnekjeks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Kjempebjørnekjeks
Kjempebjørnekjeks
Kjempebjørnekjeks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Slekt: Bjørnekjeksslekta Heracleum
Art: Kjempebjørnekjeks H. mantegazzianum
Vitskapleg namn
Heracleum mantegazzianum

Kjempebjørnekjeks (Heracleum mantegazzianum) er ein to-årig urt i skjermplantefamilien. Den kan verta opptil fire meter høg, og er svært hardfør. Spreiingsevna gjer at den ofte hemmar eller utkonkurrerar annan plantevekst. Den breier seg ofte langs vegkantar, bekkekantar og eng og er ganske vanleg på Austlandet og nordover mot Trøndelag.

Safta frå planta er giftig, og gjev ved eksponering under sollys hudreaksjonar på utsette område (fytofototoksisk reaksjon). Dette gjev seg vanlegvis utslag i rauda, kløde, svie, eksem og i vondaste fall store blemmer (tredjegrads forbrenning) då giftstoffa gjer huda ømfintleg for UV-strålar. Denne ømfintlegheita kan halda fram i inntil eit år etter eksponering.

Ved nedklipping bør ein ha på seg verneutstyr, og dessutan huske på å vaska kutteredskapar av metall etter bruk, då safta verkar oksiderande.

Kjempebjørnekjeks kan vera vanskeleg å skilja frå Tromsøpalme (Heracleum tromsoensis).

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Planta er naturalisert overalt i Europa, der den invaderar stadar med lett skugge, vedvarande fuktig jord med eit høgt innhald av humus og næringsstoff. Den stammar endå opphavleg frå den nordlege fjellkjede i Kaukasus, der den finst i snever, lysningar, skogbryn og ofte langs vannløp. Desse områda har ein årleg nedbør på 1000-2000 mm og eit temperert, kontinentalt klima. Ved landsbyen Omalo i Tushetidalen i Georgia finst den saman med m.a. Aquilegia olympica, Dactylorhiza euxina, Echium russicum, Bekkeblom, Enghumleblom, Marianøkleblom, Brudespore, Primula luteola og Tanacetum coccineum.

Ung kjempebjørnekjeks
Kjempebjørnekjeks i knopp

Bekjemping[endre | endre wikiteksten]

Kjempebjørnekjeks er ei innførd plante og difor ikkje opphavleg heimehøyrande i Noreg. Di verre har planta spreidd seg uhemma og har danna tette bevoksninger, der dei skuggane for alt anna. Dette har ført til at mange meiner at den bør utryddast, og mange kommunar har sett planar i verk for bekjempelse av kjempebjørnekjeks.

Kjempebjørnekjeks kan verta med kjempa mot:

  • Rotstikking/Oppgravning
  • Avskjæring av blomsterskjermane (ein plana kan setja fleire tusen frø)
  • Slått
  • Jordhandsaming
  • Beiting
  • Punktsprøyting
  • Flytande nitrogen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • L. Gereraas, I. Salvesen og Å. Vika (red.): Norsk svartelista 2007 – Økologiske risikovurderingar av framande arter. Artsdatabanken Noreg 2007.
  • J. Thiele og A. Otte: Impact of Heracleum mantagazzianum on invaded vegetation human activities. I: P. Pysek, M. J. W. Cock og H. P. Ravn: Ecology and management of giant hogweed, Heracleum mantagazziuanum. Kap. 9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]