Klarälven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 59°23′19″N 13°29′54″E
Klarälven
Trysilelva
elv
none
Land Flag of Sweden.svg Sverige, Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 11 820 km²
Lengd 460 km
Middelvassføring 165 /s
Kjelde Rogen og Femunden
Munning Vänern
 - stad Karlstad
 - koordinatar 59°23′19″N 13°29′54″E
Kart
Kart
Wikimedia Commons: Klarälven

Klarälven eller på norsk Klaraelva er ei elv som renn gjennom Värmland i Sverige og ut i Vänern som er den største innsjøen i Sverige. Karlstad ligg ved utløpet av Klaraelva i Vänern. Elva har opphav i Hedmark. På norsk side heiter elva først Femundselva og lenger ned Trysilelva.

Heile elva er om lag 460 km lang. Klaraelva er nesten 300 km lang på svensk side. Når ein reknar med Göta âlv som renn ut av Vänern er vassdraget det lengste i Skandinavia med ei lengd på 756 km.

Nedlaggsfeltet er 11847,6 km² totalt. Ved munningen i Vänern er middelvassføringa 162,5 m³/s og middelhøgvassføringa 690 m³/s.[1]

Elvas namn[endre | endre wikiteksten]

Første del av elva i Noreg heiter Femundselva etter sjøen Femunden som den flyt igjennom. Når elva flyt inn i Trysil kommune får den namnet Trysilelva.[2]

På folkemunne blir dei ulike norska namna ofte blanda i hop, og i tillegg finn ein namnet Klara eller Klaran. Når den flyt inn i nordre del av Värmland får elva namnet Klarälven.

Elva har frå gammalt av hatt ulike namn etter dei plassane ho flyt forbi, noko som er tilfelle i Noreg til og med i dag; jamfør før øvrig historia bak stadnamnet Ullerud i artikelen Ulleruds församling. Elva vart kalla etter dei eldste nedteikningar på 1200-talet før Gautelfr, altså Göta älv ("Götälven"). Frå slutten av 1600-talet var Storälven (Stoor Elffwen ca 1670) det vanlegaste namnet på elva. Det noverande namnet (til og med i form av namnet Klaran) dukkar opp i byrjinga av 1700-talet og kjem truleg av det klare vatnet i elva. Nedteikningane frå denne tida kallar elva anten for Store eller Clara Elf.[3] Nemninga og stadnamnet Clara Elf finn ein òg på eit kart nedanfor under rubrikken Klarälvens delta. Kartet beskriv Karlstad, som det såg ut før den store bybrannen i 1865.

Elvas løp[endre | endre wikiteksten]

Elva renn først ut frå den norske delen av sjøen Rogen. Den svenske delen og største delen ligg i Härjedalen, der ein reknar inn i vassdraget ein fjellbekk som renn inn i Rogen (jamfør artikkelen om Göta älv). Elva flyt så vidare sørover i Noreg og passerer gjennom sjøen Femunden.

Etter at elva har flyte i Sverige i nordlegaste delen av Värmland følgjer Klarälven ein rett sprekkdal sørover, Klarälvdalen, der den dannar dannar imponerande meanderbogar på eit strekke på 90 kilometer.

Ved Edebäck er dalen fylt av store iselvsavlagringar, og Klarälven har blitt tvunge inn i ein ny vestlegare løp med fleire vassfall og fossar.

Klarälvens delta[endre | endre wikiteksten]

Dette gamle kartet over Karlstad frå før brannen i 1865, frå Värmlandsarkiv (lyder under Riksarkivet) viser att Sandgrund før var ei øy.[4]
Dettw kartet frå Nordisk Familjebok, viser at Sandgrund før var ei øy, som òg går fram av Bonniers Konversationslexikon.[4]

Klarälven munnar ut i Vänern i eit delta, med åtte større armar i Karlstad og omland. Først deler elva seg ved Sandgrundsudden i Karlstad i Västra älvgrenen og Östra älvgrenen. Sidan deler Västra älvgrenen seg frå vest i 1. Dingelsundsådran, 2. Skoghallsådran, 3. Morbrors ådra (den minste), 4. Sorgforsådran (delvis dekt av ein kunstig banke bygd for Hammaröleden) og i 5. Suttersälven.

Östra älvgrenen deler seg i 6. Örsholmsälven og 7. Kaplansälven. Den siste deler seg ytterlegare og den austre av desse armane kallast 8. Klockarådran. Denne deler seg dessutan ein gong til, nokre titals meter før utløpet, gjennom ei sandbanke- eller øydanning. Men desse elvearmane vurderer ein er for korte og försumbara ved opplistinga av dei større munningsarmane (det er berre ei lita øy).[5]

Tidlegare delte elva seg i ulike greiner om lag 50 meter nord for Sandgrund. Der fanst det altså fleire øyar før motorvegen vart bygd på slutten av 1960-talet. Då vart fleire løp fylte att og Borgmästarholmen vart ei halvøy. Ei av øyane, Vidön, finst enno[5] Sandgrundsudden var dessutan fram til 1900-talet ei øy.[4]

Deltaet har sidan istida flytta seg lengre mot sør på grunn av landhevinga som òg har gjort at Vänern har blitt mindre. Restar av deltaet finst altså lengre oppe langs Klaraelva i form av sjøar som mellom anna er avsnørte elvearmar, kroksjøar. Slike kroksjøar finst òg i Karlstads omland då elvarmane der òg avsnørast av sandbankar og liknande i åras løp.

Vasskraftverk og sideelvar (langs den svenske delen av elva)[endre | endre wikiteksten]

Vasskraftverk i Klaraelva[endre | endre wikiteksten]

Höljesdammen i Klarälven; her med vatnet ført utanom kraftverket.

Langs elva er det fleire vasskraftverk. Vasskraftverka er rekna frå elvas nedre løp og oppstrøms i Sverige:

  1. Forshaga kraftverk i Forshaga,
  2. Dejefors kraftverk i Dejeforsen, 20 MW, midt i sentrum av Deje,
  3. Munkfors kraftverk i Munkfors, 33 MW,
  4. Skymnäsforsens kraftverk i Skymnäsforsen i Skymnäsfors, 17 MW,
  5. Forshults kraftverk i Forshult, 20 MW,
  6. Krakeruds kraftverk i Krakerud, 22 MW,
  7. Skogaforsens kraftverk i Skogaforsen i Skogafors 15 MW,
  8. Edsforsens kraftverk i Edsforsen i Edsfors 9 MW och
  9. Höljes kraftverk i Höljes, 130 MW.[6]

Større sideelvar og vasskraftverk i dei[endre | endre wikiteksten]

Større sideelvar til Klarälven i Sverige og vasskraftverk nordfrå og nedstrøms sørover:

  1. Tåsan og Tåsans kraftverk, 40 MW,
  2. Letten og Lettens kraftverk, 36 MW,
  3. Halgå og Halgå kraftverk (Brattfallets kraftverk) i Kristinefors 0,4 MW,
  4. Uvån (sjå næmare om kraftverka der i artikkelen om Uvån)
  5. Lovisebergsälven med Forshults kvarn, 0,05 MW,
  6. Mölnbacka kraftverk i Mölnbacka, ved den korte elva frå utløpet av sjøen Västra Örten inn i sjøen Lusten som ein arm (den såkalla Ådran) av Klarälven flyt gjennom,[6][7]
  7. Kvarntorpsån-Dömleälven. I Dömle finst eit mindre kraftverk. Dömleälven renn frå sjøen Visten og vassdraget flyt gjennom sjøen Smårissjön, med namnet Dömleälven når den renn inn i Smårissjön og med namnet Kvarntorpsån når den renn ut av Smårissjön søraust ned mot Klarälven, der den munnar ut straks nordaust om Forshaga.[8]

Tømmerløyting og turisme[endre | endre wikiteksten]

Den tradisjonelle tømmerfløytinga på elva.
Fløytingsbåtar på Klarälven ved Dyvelstens Flottningsmuseum.

Klarälven var den siste svenske elva med tømmerfløyting. Den opphøyrde først i 1991. Det var både tømmer og massevirke som vart transportert på denne måten frå både Sverige og Noreg via Trysilelva og Klarälven til Skoghall utanfor Karlstad. Ved skiljet i sjøen Lusten, som er ein arm (med namnet Ådran) av Klarälven renn gjennom og like aust for Deje og Nedre Ulleruds kyrka nedanfor det siste større vasskraftverket i elva (Dejefors, sjå ovanfor), vart tømmeret sortert etter kvalitet og deretter bunta saman. Derifrå drog ein så tømmeret etter båt, dei såkalla Lustenbåtarna, til sluttstasjonen nede i Skoghall ved munningen i Vänern av ein av elvearmane (Skoghallsådran) i elvas delta.

Fløyting er ein særs energieffektiv transportmetode for tømmer, men den kan medføre ein auka erosjon av meanderbogane. Tidlegare lèt ein til og med erodere nesa for å få tømmeret i elva.

I dag blir elva nytta turistlei i staden for fløyting men blir trafikert av tømmerflåtar mellom Branäs og Edebäck. Elva er dessutan godt eigna til fiske. Laksetrapper eller fisketrapper finn ein ved nokre av vasskraftverka mellom anna ved Dejefors kraftverk.

Laks og aure[endre | endre wikiteksten]

Klarälven munnar ut i Vänern som er Sveriges største innsjø. I Vänern finn ein ein unik bestand av laks med fleire ulike stammar som lever heile sitt liv i ferskvatn.

Den typiske Klarälvslaksen er ganske småvaksen og når ei maksimal vekt på 10-11 kg. Laksen går opp frå Vänern i mai-juni. På denne tida kan det, om veret og vasstanden er gunstig, kan det finnast store mengder laks nedstrøms kraftstasjonen i Forshaga.

Ettersom det ikkje finst nokre botnområde som er eigna for leik i denne delen av Klarälven, vil laksen fortsette å vandre nordover i elva. På grunn av utbygginga av vasskraft er dette ikkje lenger mogleg. Derfor er det ved kraftstasjonen i Forshaga ei fiskefelle der både laks og aure blir fanga. Kraftselskapet transporterer så ein del fisk opp til øvre delen av Klarälven i vasstankar på lastebil. Andre fisk blir strøke som inneber at ein trykker ut rogn og mjølke. På den måten kan nye fisk alast opp for gjenutsetting i elva. På dette viset kan Klarälven framleis hyse både laks og aure.

Klarälven har òg eit bestand av Gullspångslaks og Gullspångsaure. Grunnen til dette er at Gullspångsälven som òg munnar i Vänern, har blitt bygd ut og kan ikkje lenger hyse laks og aure. Fiskeriverket har derfor saman med kraftselskapet funne ei løysing der Klarälven fungerer inntil vidare som heimeelv for Gullspångsfisken til at Gullspångsälven kan fungere som leikelv. I falla ved Forshaga kraftstasjon skil ein derfor ut Gullspångsfisk frå Klarälvsfisk. Det er berre Klarälvsfisk som blir transportert til leikeområda i nordre del av Klarälven. Gullspångsfisken blir strøke for oppvekst i basseng. Dette skiljet blir gjort for å unngå ei samanblanding av dei to stammane.

Att Klarälven hyser to ulike laksestammer kan ein sjå gjennom at Klarälvslaksen går opp tidleg i sesongen og er som tidlegare nemnd ganske småvaksne. Gullspångslaksen går opp seinare og har ei monaleg større maksimalvekt (over 20 kg). Gullspångslaksen er faktisk den største laksen i verda som lever i ferskvatn.[9]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. SMHI Vattenföring
  2. geoNorge.
  3. Svenskt ortnamnslexikon 2003, s. 168.
  4. 4,0 4,1 4,2 At Sandgrundsudden i Karlstad var ei øy ser ein òg i Bonniers Konversationslexikon 1927, band VI, spalte 619 (altså like før år 1927). Det ser ein òg på bilde frå Värmlandsarkiv og på bilda i Nordisk Familjebok ovanfor.
  5. 5,0 5,1 Namn på elvegreinar og øyer finst på Internetadressene www.hitta.se. og http://kartor.eniro.se.
  6. 6,0 6,1 Uppgifter hämtade från Kuhlins hemsida http://www.kuhlins.com/varmland/index.html
  7. Gå in på http://kartor.eniro.se og søk etter på "Mölnbacka, Deje".
  8. Gå in på http://kartor.eniro.se och sök efter på "Kvarntorpsån, Deje" och "Dömleälven, Deje".
  9. Informationstavla vid Forshagaforsen.