Knivstong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knivstonga i skjerebordet på ein skurtreskar (Claas).

Knivstong er nemninga på den maskindelen som skjer av aksetgraset, eller kornet, i skjereapparatet på slåmaskiner, skårleggarar, sjølvbindarar og skurtreskarar. Ho er utforma som ei metalstong med trekanta knivblad som peikar framover og er kvesste på begge sider. Stonga med knivane fer fram og attende og skjer av aksa. Knivane ligg an mot fingerstålet, slik at aksa vert klipte av. Knivane har ei breidd på rundt 77 mm, så ei knivstong har om lag 13 knivblad per meter. På skurtreskarar har knivane ei slaglengd på rundt 76 til 86 mm og gjer frå 440 til 570 dobbeltslag i minuttet.[1] Gjennomsnittsfarten er difor på 1,1 til 1.7 m/s. På slåmaskiner som vert nytta for å slå gras er knivane glatte, medan dei på skurtreskarar som oftast er rifla.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heir, J.A., Skurtreskere og skurtresking, Landbruksforlaget, 1998.