Sjølvbindar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein Massy-Harris sjølvbindar i arbeid.
Traktordregen sjølvbindar i arbeid i Hokksund i Øvre Eiker.

Sjølvbindar er ein jordbruksmaskin som sler kornet og bind loa saman til band. Sjølvbindaren var ei vidareutvikling av sjølvavleggaren, som slo og la loa ned på marka i buntar av høveleg storleik for eit band. Det trongst fire-fem personar for å binda og setta banda til tørk[1]. Å binda loa til band var hardt arbeid, som tok på ryggen. I Midtvesten i Nord-Amerika, der dei fleste sjølvavleggarane vart nytta, var det manko på arbeidskraft og løningane var høge, så det var lønsamt å investera i haustemaskinar. Sjølvbindarane løyste òg problemet med vonde ryggar, på grunn av at dei som batt banda gjekk bøygde heile økta. Å setta banda til tørk måtte framleis gjerast manuelt, men då trong ein ikkje gå bøygd heile dagen.

Sjølvbindarane var dyrare enn sjølvavleggarane, så det var dei store bruka som fyst gjekk over til sjølvbindarar. Så begge maskintypane levde side om side i fleire tiår, men sjølvavleggarane vart gradvis fasa ut. Dei fyrste sjølvbindarane i Europa var importerte frå Nord-Amerika. Den fyrste sjølvbindaren kom til Sverige i 1886[2]. Etter kvart tok fleire Europeiske føretak til å produsera sjølvbindarar. Mellom desse var Arvikaverken og Westeråsmaskiner i Sverige[2], Fahr i Tyskland, Bissett[3], Hornsby[4] og McGregor & Guest (under merkenamnet Albion) i Storbrittania.

Etter at det kom traktorar med kraftuttak på marknaden på 1920-talet vart sjølvbindarar med drift frå kraftuttaket, sokalla traktorbindarar, vanlege. Køyrehjulet på sjølvbindaren var då berre naudsynt for å bera makskina.

Sjølvavleggarane var ikkje fylt så følsame for samanfiltra aks som sjølvbindarane, så sume storgardar hadde ein sjøvavleggar ståande beredskap. Men sjølvbindarane tok gradvis over og var i bruk heilt til etter andre verdskrigen, då skurtreskjarane vart tilgjengelege. Det var atter ein gradvis overgang, der storgardane leidde utviklinga. Det blir framleis produsert små sjølvbindarar, som vert nytta for å hausta korn i prøvefelt i samband med forsking. I Aust-Asia og Søraust-Asia blir dei framleis nytta for hausting på små areal.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Ein sjølvbindar er langt på veg bygd opp på same vis som ein sjølvavleggar, men skil seg frå desse ved å vera meir kompliserte. I staden for at loa vert lang av på marka vert ho transportert fram til eit knyteapparat, der ho vert knytt saman til band.

Skjerebordet[endre | endre wikiteksten]

Her ser ein knivjelken, haspelen og aksskiljaren.

Sjereborder er mykje som på ein sjølvavleggar, med ein knivbjelke i framkant, driven frå ein veivalksel, òg kalla krumtapp. Ein sakteroterande haspel bøyer aksa inn over knivbjelken og vidare inn over transportelevatoren som fører ho vidare. På den sida av skjærebordet som snur inn mot den uslegne åkeren er det ein aksskiljar som skil kornet som blir slege frå det som skal stå att. Innstillinga av denne er spesielt viktig når det er overhengande aks og når aksa er filtra inn i kvarandre[5], som dei ofte er når det er legde i åkeren. Nokre maskinar har ein roterande aksskiljar, som kunne vera effektiv når aksa var samanfiltra[6].

Hestedregne maskinar hadde ei arbeidbreidd på 1,3 til 2,5 m, medan arbeidsbreidda til traktordrevne maskinar var omlag 2 m[2]. Skjerebordet kan lyftast opp i vertical stillng, for å redusera breidda på maskina under transport.

Lotransport[endre | endre wikiteksten]

Her ser ein korleis haspelen legg loa inn over bordbeltet som transporterer ho til elevatorbeltet og vidare opp til knyteapparatet.

Haspelen legg loa inn på bordbeltet, som er eit breidt horisontalt transportbelte, laga av segelduk, som går rudt ein rull i kvar ende. Den eine rullen driv duken og fører loa sidevegs fram til ein skråstilt elevator av same type som fører loa over køyrehjulet og ned på andre sida, der knyteapparatet er plassert. Elevatoren består av to belte, eit under og eit over loa, slik at ho hamnar i klem mellom dei to dukane. Det er plassert tynne trelister på duken, for at han skal få tak på loa så ho ikkje sig nedatt. Det er viktig at dukane er passe stramme, og spesielt at dei var like stramme på begge sider. Under vanskelege tilhøve med fuktig lo og ugras kan hender det at lotransporten pakkar seg til. Då kan det vera naudsynt å redusera arbeidsbreidda noko[6]. Når loa er komen over kjørehjulet sig ho ned mot knyteapparatet på grunn av tyngdekrafta.

Knyteapparatet[endre | endre wikiteksten]

Arbeidsprinsipp for knyteapparatet. Figuren er henta frå[7]

Knytteapparate er noko ulikt utforma avhengig av produsentem, men dei byggar alle på appratet til Appleby[8][9].

Figuren syner eit knyteapparat konstruert av J.P. Monroe, patentert i 1890. 1) I utgangspunktet ligg garnet dobbelt, på skrå inn over ei skive. 2) Når skiva roterer mot klokka blir garnet liggande uner ein utstikkande krok på skiva, og den øvre delen av løkka legg seg inn i sporet i skiva. 3) Den nedre enden, under kroken, blir løfta litt opp slik at det dannar seg ei løkke. 4) Vidare rotasjon av skiva fører til at den nye løkka blir liggande over skiva. 5) Vidare rotasjon dreg den nedre løkka rundt den øvre, slik at det dannar seg ein knute. 6) Den utstikkande kroken dreg den nedre løkka til venstre. 7) Knuten er ferdig.

Hyssingen synte seg å vera kritisk og den typen som fungerte best var ein kombinasjon av sisal og manilahamp. Hyssing produsert i store kvantum var mykje billigare enn ståltråd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bindeplattform[endre | endre wikiteksten]

Så tidleg som i 1850, lenge før sjølvbindarane vart utvikla, sette August Adams og J.T. Grifford ei plattform, plass til tre personar, på ein sjølvavleggar produsert av Jacob Mann. Denne maskina hadde ein haspel som la loa inn på eit seglduksbelte, som førte ho opp til ein benk framover dei som sto på plattforma. Dei kunne slik binda banda ståande på plattforma, men loa i høveleg arbeidshøgd. Ein fjerde mann lempa så banda ned på marka. Dette løyste problemet med vonde ryggar og det synte seg at dei batt banda på halvparten av tida dei brukte når det måtte gå bøygde. Ein korndyrkar som heite Charles W. March bygde ei liknande maskin i 1858 og i 1860 selda han 12 slike maskinar. Men det var ikkje før i 1863, då han fekk hjelp av George Hollister at maskina, at maskina fungerte som ho skulle. På denne tids var sjølvavleggarane utbreidde i Midt-Vesten, og då korndyrkarane fekk augo opp for føremonane med at bindarane fekk betre arbeidsstilling tok salet av. I 1870 vart det seld 1000 av desse maskinane. Det vart òg seld lisensar til andre produsentar.

Halvautomatisk bindar[endre | endre wikiteksten]

I 1850 fekk John E. Heath i Warren i Ohio patent på ein mekanisme som pressa saman ein lobunt og la eit hyssing rundt han[1]. Men hyssing måtte kytast manuelt. Dette var likevel ein enklare arbeidsoperasjon enn å binda samen bandet med halm. Maskina fungerte under gode tilhøve og Heath tente litt pengar på å lata nokre produsentar betalte laga maskina på lisens. Det var òg fleire andre forsøk på å låga ein mekanisme som batt saman banda utover 1850-talet, men dei fekk ikkje så stor utbreiing.

Aksbindarar[endre | endre wikiteksten]

Mange eksperimenterte med å laga ein mekanisme som batt saman banda med kornaks, på same vis som ved binding. Den best kjende av desse er William Douglass, som arbeidde med dette i eit kvart hundreår. Så seint som i 1905 fekk han patent på ein mekanisme som nytta aks[10], men det var ein komplisert mekanisme og ingen av dei store produsentane var interesserte seg for han.

Ståltrådbindarar[endre | endre wikiteksten]

Det var lettare å laga ein mekanisme som batt saman banda med ståltråd enn med hyssing. I 1856 fekk C.A: McPhitridge i Missouri patent på ein slik mekanisme. I New York eksperimenterte Alan Sherwood med ein liknande mekanisme og han selde nokre av desse. I Illinois utvikla Burtons ein mekanisme som nytta ståltråd, men denne kravde manuell betjening. I perioden 1862 til 1865 vart det produsert og seld rundt 1000 av desse.

Dei fyrste heilautomatiske bindarmekanismen vart marknadsførte 1873, i form av tilleggsutstyr for Marsh sjølavleggarar. Mange fleire eksperimenterte med liknande mekanismar. Mellom desse var Sylvanus D. Locke i Janesville i Wisconsin og urmakaren Charles B. Withington, som og heldt til i Janesville og var urmakar fekk patent på ein bindarmekaniske som nytta ståltråd. Han innleia eit samarbeid med McCormick, og i 1875 kunne McCormick demonstrera ein ståltrådsjølvbindar. Året etter selde McCormick nokre tital sjølvbindarar og i 1885 var årsproduksjonen oppe i 50.000 einignar.

Sjølv om ståltråd fungerte førte det til fleire problem. Når halmen var nytta som for for hest og storfe hendte det at dei åt i seg bitar av ståltråden (fekk i seg kvasst), slik at dei måtte avlivast. Ståltråden kunne òg skada treskjeverk og kverner. Mange var difor skeptiske til maskinar som bann saman banda med ståltråd.

Hyssingbindarar[endre | endre wikiteksten]

Mange freista å laga eit knyteapparat som nytta hyssing utan å få det til. Den som til slutt klarte det heite John Appleby. I 1877 laga han fleire knyteapparat som han monterte på ein Marsh sjølvbindar. Han patenterte oppfinninga si[8][9] og innleia eit samarbeid med William Deering, som stifta eit føretak for å produsera knyteapparatet. Deering produserte 3000 sjølvbindarar og ei stor ladning med høvelege hyssingnøste før maskina vart marknadsført. Der var stor interesse for å nytta hyssing, så alle maskinane vart selde med ein gong[1]. Knyteapparatet til Appleby vart òg produsert på lisens av mange andre sjølvbindarprodusentar.

Små sjølvbindaarar er framleis i bruk i fleire land i Asia, og for å hausta prøvar i samband med forsking på nye typar korn. Det blir difor framleis utvikla forbetra knyteapparat[11][12]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 G. Quick og W. Buchele, The grain harvesters, American Society of Agricultural Engineers, 1978
  2. 2,0 2,1 2,2 , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
  3. E. Hart, Horse drawn farm implements, Japonica Press, 2003.
  4. J. Brown, Farm machinery 1750-1945, B.T. Batsford, 1989.
  5. H. Petersen, Selvbinderen, Teknologisk institutts forlag, 1951.
  6. 6,0 6,1 N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.
  7. J.P. Monroe, Grain binder, US patent nr 429,465, 3. juni 1890.
  8. 8,0 8,1 J.F. Appleby78, Grain-binder, US patent nr 208,137, 17. sept. 1878.
  9. 9,0 9,1 J.F. Appleby, Grain-binder harvesters, US patent nr 212,420, 18. feb. 1879.
  10. W: Douglass, Self binding harvester, US patent nr 789,010, 2. mai 1905.
  11. F.-W. Schumacher, Wtine knotter, US Patent nr 2015/0097370 A1, 9/4-2015.
  12. Y. Meng, H. Chen, Y. Liang, J. Qin, Q. Zhao og J. Wei, Research on innovative design of a new rope knotter, Advances in Mechanical Engineering, binb. 11, nr 9, 2019, ss. 1-15.