Skårleggar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein skårleggar (Fortschritt) haustar rug til for.

Skårleggar er ein jordbruksmaskin som slår grøda og legg ho i ein skår på marka. Skårlegging vert nytta for gras (ofte kløver), raps og andre vekstar som treng å modnast (tvangsmodning) før dei vert hausta[1]. Når skåren har tørka vart han samla inn med sjølvlastarvogner, pressa til ballar ved hjelp av ei ballpresse, eller hausta med ein skurtreskjar eller anna haustemaskin. Skårleggarar er vanlegare i Australia og Nord-Amerika enn i Europa.

Dei fleste skårleggarane er sjøvgåande maskinar med drift på framhjula og styring på bakhjula, som på ein skurtreskjar, men nokre maskinar nyttar styrebremser i staden for styring på bakakselen. Det er vanleg med hydrostatisk drift som gjev trinnlaus utveksling. Det finst òg skårleggarar for traktor, med drift frå kraftuttaket.

Skjerebordet[endre | endre wikiteksten]

Skårleggarar har ein skjerebord som slår grøda og samlar ho i ein streng på midten. Skjerebordet har ei knivbjelke som går over heile breidda på skjerebordet og kuttar av aksa. Nokre skjerebord har òg vertikale knivbjelkar på sida som kuttar av samanfiltra vekstar. Det finst òg skjerebord med roterande knivar, som på ei skiveslåmaskin. Over knivbjelken ligg det ein haspel som legg stråa attover slik at dei vert liggande i same retning, før dei vert ført inn mot midten av skjerebordet av ein arkimedes-spiral eller eit transportband. Når grøda når midten av skjerebordet dett ho på ned på marka og vert liggande i ein luftig vål.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bell, B., Farm machinery, Farming press, 4. utg., 1996.