Kommunal- og distriktsdepartementet
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 29. oktober 1948[1] |
Statsråd | Sigbjørn Gjelsvik (Sp) |
Hovudkontor | Akersgata 59, Oslo |
Tilsette | 425 (2014)[2] |
Nettside | https://www.regjeringen.no/no/dep/kdd |
Kommunal- og distriktsdepartementet, tidlegare kommunal- og moderniseringsdepartementet, er eit norsk departement med ansvar for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val.
Departementet vart oppretta av regjeringa Solberg gjennom å fusjonere Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet. Departementet har lokale i Regjeringskvartalet, R5 og Akersgata 59.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kommunal- og regionaldepartementet vart oppretta i Einar Gerhardsen si andre regjering 20. desember 1948 som Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den første kommunalministeren var Ulrik Olsen. Frå 1990 til 1992 vart departementet kalla Kommunaldepartementet. Arbeidsavdelinga vart i 1997 overført til det som då vart Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]
Statsråd og leiar for departementet er kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) per 12.april 2022.
Underliggjande etatar[endre | endre wikiteksten]
- Husbanken
- Kommunalbanken
- Husleigetvistutvalet i Oslo
- Statens bygningstekniske etat
- Selskapet for industrivekst
- Innovasjon Norge