Kommunenes Hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunenes Hus i Vika i Oslo ligg i nærleiken av hovudutgangen frå Nationaltheatret jarnbanestasjon. Mosakkbileta på ytterveggane syner til verksemda til dei opphavlege to organisasjonane Norges Byforbund og Norges Herredsforbund. Fotografiet er teke før den store ombygginga og endringa av inngangspartiet i 2011-2013.

Kommunenes Hus i Haakon VIIs gt 9 i Vika i Oslo er ei kontorblokk som vart reist for å hyse adminstrasjonen for Norges Byforbund og Noregs herredsforbund, som etter seinare samanslåing og namneendring har vorte til KS, ein medlemsorgansisasjon som skal ivaretake interessane til kommunar og fylkeskommunar i Noreg. Eigar av Kommunenes Hus er aksjeselskapet Kommunenes Hus AS, eit eigedoms­selskap som er eigd fullt og heilt av KS-Holding AS, som KS eig. Kommunenes Hus AS leiger ut kontorlokale i Kommunenes Hus til KS, Kommuneforlaget (KF), Kommunal Rapport (KR), KS Bedrift, KS Agenda, diverse interesseorganisasjonar, eit flyselskap, reisebyrå, tannlegar, kopieringssenter og parkeringsselskap.

Det opphavlege Kommunenes Hus vart offisielt opna ved ein seremoni 4. september 1957 med HKH Kronprins Olav, den seinare kong Olav V til stades, og elles representantar frå stat og kommune og gjestar frå både inn- og utland. HKH Kronprinsen avduka ei bronsetavle ved hovudinngangen med desse orda: «I det håp at dette bygg – dette hjem borte fra hjemmet – for våre by- og bygderepresentanter vil tjene til å fremme samarbeidet og utviske motsetninger by- og landkommunene imellom, til hell og lykke for vårt hele folk, avduker jeg herved denne bronsetavle og erklærer Kommunenes Hus i Oslo for åpnet.»

Kommunenes Hus var i byrjinga ein integrert del av verksemda til Norges Byforbund og Noregs herredsforbund, det seinare KS. For å finanisere bygginga av Kommunenes Hus hadde Byforbundet og Herredsforbundet bede medlemane sine, det vil seie kommunane, om å løyve ein eingongskontingent til forbundet på 35 øre for kvar som budde i kommunen. Alle byane og 245 av 680 heradene i landet bidrog, og i tillegg løyva Troms fylke ein sum. Til saman vart dette ¾ million kroner. Ytterlegare finansiering vart sikra av Kommunal Landspensjonskasse - Norsk Kollektiv Pensjonskasse A/S, som vart skipa, og som stod som medkontrahent for bygginga. Alt i alt kosta Kommunenes Hus om lag 9 millioner kroner. Den totale grunnflata i huset – inklusive kjellarar – var på 11 800 rutemeter brutto.

Tomta som vart peika ut var eigd av A/S Norske Esso, som overdrog ho til Byforbundet og Herredsforbundet, og som vart hovudleigetakar i Kommunenes Hus etter salget. A/S Norske Esso etablerte både sitt hovudkontor for Noreg her, og hadde ein bensinstasjon i underetasjen, der det òg var innkøyrting til eit stor tilfluktsrom nytta til parkeringsplassar for personbliar i fjellet under Abelhaugen i Slottsparken.

I 1983 vedtok styret i KS at Kommunenes Hus skulle verte eigd og drive som eit aksjeselskap, Kommunenes Hus AS, som vart skipa 16. desember same året. I desember 1986 overtok Kommunenes Hus AS granneeigedomen Munkedamsveien 3b og dei løpande leigekontraktane som galdt denne bygningen. Bygningen vart deretter slått saman med det opphavlege Kommunenes Hus i Haakon VIIs gt 9 og vart med dette ein integrert del av hovedbygningen, med sams gards- og bruksnummer. Kommunenes Hus har etter dette eit totalt areal på ca 15.000 rutemeter over åtte 8 høgder og kjellarar. I åra 2006 - 2008 vart fleire av kontoretasjane rehabiliterte, og i åra 2011 til 2013 vart det gjort ei gjennomgripande rehabilitering av resten av dei to bygningane, med nye inngangsparti i båe bygningane, påbygg av to nye høgder i bygningen i Munkedamsveien 3B, og bygging av eit heilt nytt og utvida møtesenter. Den opphavlege bensinstasjonen er lagd ned, men det er framleis innkjørsle gjennom bygningen til parkeringsplassane i tilfluktromma i fjellet under Abelhaugen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsidene til Kommunenes Hus AS

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]