Kong Fahd internasjonale lufthamn
Kong Fahd internasjonale lufthamn | |||
| |||
Dammam lufthamn مطار الملك فهد الدولي | |||
IATA | DMM | ||
---|---|---|---|
ICAO | OEDF | ||
Flyplasstype | Sivil | ||
Operatør | General Authority of Civil Aviation | ||
Tener | Dammam storbyområde og Jubail | ||
Stad | Dammam i Saudi-Arabia | ||
Bygd | 28. november 1999 | ||
Koordinatar | 26°28′16.3″N 049°47′54.9″E / 26.471194°N 49.798583°E | ||
Nettstad | https://gaca.gov.sa/web/ar-sa/airport/king-fahd-international-airport |
Kong Fahd internasjonale lufthamn (KFIA) (IATA: DMM, ICAO: OEDF) er ein flyplass i Dammam i Saudi-Arabia, 20 km nordvest for Dammam. Flyplassen var ferdig utbygd mot slutten av 1990, og slik at dei allierte styrkane under den første Golfkrigen kunne nytte området tidleg i 1991 til å oppbevare militære luftfartøy. KFIA var basen til alle USAF A-10-fly (144), i tillegg til mange andre under Golfkrigen. Den nye King Fahd internasjonale lufthamn vart opna for sivil luftfart den 28. november 1999, og alle flyselskap flytta operasjonane sine frå Dhahran internasjonale lufthamn, som var i bruk fram til då. Den nye Dammam flyplass tener det meste av det austlege Saudi-Arabia, og særleg storbyområdet som utgjer Dammam, Dhahran, Khobar, Qatif og Ras Tanura, i tillegg til Jubail med i alt over 2,5 millionar innbyggjarar. Flyplassen er den tredje største for Saudia, og var tidlegare eit knutepunkt for det nedlagde Sama Airlines.
Flyplassen er kalla opp etter Fahd bin Abdulaziz Al Saud, som var konge av Saudi-Arabia frå 1982 til han døydde 2005.
Fleire kjelder, som Guinnes rekordbok,[1] har denne flyplassen som den største i verda ut frå areal, med eit samla areal på 780 kvadratkilometer (større enn Bahrain). Den offisielle nettsida til flyplassen skriv at det utnytta arealet er 36,775 kvadratkilometer, og nemner at 780 km² er heile området som flyplassen eig.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «King Fahd International Airport» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Craig Glenday. Guinness World Records 2013. Red. Random House LLC, 2013. ISBN 9780345547118. P. 320
- ↑ Data Project Data. King Fahd International Airport. KFIA, Dammam, Eastern Province – Saudi Arabia. Total Airport Area 77,600 Hectares; Developer Areas; Total: 4,265 Hectares; Airport: 3,675 Hectares; Construction ; Support/Utility Plants: 51 Hectares; Community :80 Hectares