Kongsspir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongsspir
Kongsspir
Kongsspir
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Myrkleggslekta Pedicularis
Art: Kongsspir P. sceptrum-carolinum
Vitskapleg namn
Pedicularis sceptrum-carolinum

Kongsspir (Pedicularis sceptrum-carolinum) er ein fleirårig, halvparasittisk urt i snylterotfamilien.

Planten har ein rosett av lansettforma og fjørflikete blad ved bakken. Stilken er ganske høg, 40–80 cm, og har nesten ingen blad. Blomane er lysgule med raud kant på underleppa. Eit særmerkt bygningstrekk er at blomane er lukka, slik at berre humledronningar er i stand til å pressa seg inn for å forsyna seg med nektar. Kongsspir veks i fuktig skog og kratt, på rikmyr og strandenger, og langs breiddene av elvar og bekker.

Kongsspir i Bilder ur Nordens Flora

I Noreg er kongsspir ein austleg fjellplante på Austlandet og i Trøndelag og Nordland. I Troms og Finnmark finst han derimot heilt ned til havstrendene. I Sør-Noreg dukkar han av og til opp på elvebredder i låglandet. Arten er vanleg i Nord-Sverige, Finland, Baltikum, Kviterussland og europeisk Russland. Han har òg spreidde førekomstar i Alpane, Karpatane og Sibir. I Danmark voks han éin stad i Jylland, men arten er ikkje blitt sett sidan 1949, og er rekna som utdøydd.

Artsnamnet blei gjeve av Olof Rudbeck d.y., som fann planten under reisa si i Lappland på slutten av regjeringstida til Karl XI. Boka Nora Samolad siva Lapponia illustrata kom ikkje ut før i 1701. Då var Karl XI død, og sonen hans Karl XII var blitt konge av Sverige. Rudbeck hadde tenkt å heidra Karl XI, men dediserte i staden planten til «Carl XII och de bragdstore Carlars minne».

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]