Vårkornell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vårkornell
Vårkornell
Vårkornell
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av vårkornell
Utbreiinga av vårkornell
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Kornellordenen Cornales
Familie: Kornellfamilien Cornaceae
Slekt: Vårkornellslekta Cornus
Art: Vårkornell C. mas
Vitskapleg namn
Cornus mas

Vårkornell (Cornus mas) er ein lauvfellande busk eller eit lite tre i kornellfamilien.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Planten blir opptil åtte meter høg. Kvistane er grøngule. Blada er motsatte med ovale til elliptisk form. Dei er matt grøne under og har tre–fem par boga sidenerver.

Blomane er gule og sit i små halvskjermar. Dei er 4–5 mm store og har fire kronblad. Vårkornell blomstar før lauvsprett, i Noreg i april–mai, og kan då minna litt om Forsythia. Frukta er avlang, 12–15 mm lang og blankt skarlagensraud når ho er mogen.[1][2]

Vårkornell veks i open skog, kratt og åkerkantar fra havnivået opp til 1500 moh. i Alpane og Kaukasus. Han er ein typisk art for submediterran skog der han veks saman med tre som duneik, frynseeik, ungareik, steineik, agnbøk, orientagnbøk og mannaask, og buskar som filtkrossved, liguster, villkornell og berberis. Arten er utbreidd i Sør- og Mellom-Europa nordover til Belgia, Tyskland, Tsjekkia, Slovakia og Ukraina. Han finst østover til Kaukasia og Anatolia, men manglar på Den iberiske halvøya og dei fleste middelhavsøyene.[3][4]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Vårkornell blir ofte planta som prydplante. Han blir også dyrka i frukthagar i Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia.[5]

Veden er særskild hard og tung og er blitt brukt til å laga melloma anna spydskaft, hjuleiker og handtak til verktøy.

Frukta er sur, men kan etast av menneske. Ho kan tørkast, syltast eller brukast til saus. Ein kan også bruka henne til å laga brennevin.[2][3][6]

Arten finst forvilla nokre få stader i Noreg, men dette dreier seg om gjenståande plantar frå hagar. Det ser ikkje ut til at vårkornell kan formeia seg i norsk klima.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C. Grey-Wilson og M. Blamey (1992). Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlag. s. 266–267. ISBN 82-512-0355-4. 
  2. 2,0 2,1 M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). London: A & C Black. s. 153. ISBN 0-7136-7015-0. 
  3. 3,0 3,1 F. Da Ronch, G. Caudullo, T. Houston Durrant og D. de Rigo (2016). «Cornus mas in Europe: distribution, habitat, usage and threats». I J. San-Miguel-Ayanz m.fl. European Atlas of Forest Tree Species (PDF). Luxembourg: Publication Office of European Union. ISBN 978-92-79-52833-0. 
  4. «Cornus mas». Euro+Med Plantbase - the information resource for Euro-Mediterranean plant diversity. Henta 28. juli 2017. 
  5. Barstow, M.; Harvey-Brown, Y (2017). «Cornus mas». The IUCN Red List of Threatened Species 2017. 
  6. F. Demir og İ.H. Kalyoncu (2003). «Some nutritional, pomological and physical properties of cornelian cherry (Cornus mas L.)». Journal of Food Engineering. 60 (3): 335–341. ISSN 0260-8774. doi:10.1016/S0260-8774(03)00056-6. 
  7. «Cornus mas vårkornell». FremmedArt2012. Artsdatabanken. Henta 28. juli 2017.