Kragerø tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kragerø domssokn markert med raudt

Kragerø heradsrett blei skipa i 1897 ved at Drangedal, Sannidal og Skåtøy blei frådelt Bamble heradsretts domssokn og lagt saman med Kragerø kjøpstad, som fram til då hadde hatt eigen byfut. Domssoknet svarte såleis til dei noverande kommunane Kragerø og Drangedal. I 2002 vart nemninga endra til Kragerø tingrett.

Kragerø tingrett blei nedlagd i 2007 og lagt til Skien og Porsgrunn tingrett, noverande Nedre Telemark tingrett.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]