Lister tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lister tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Farsund i Vest-Agder og dekker kommunene Farsund, Hægebostad, Flekkefjord, Kvinesdal og Lyngdal. Domstolen består av tre dommarar og éin dommarfullmektig.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Domssoknet til den opphavlege Lister heradsrett fall saman med Lister fogderi. Etter noverande kommuneinndeling femna det om Sirdal (aust for Sira), Flekkefjord (aust for elva Sira), Kvinesdal, Farsund, Lyngdal, Hægebostad, Lindesnes, Audnedal og nordre del av Marnardal (Bjelland sokn).

I 1809 blei domssoknet delt mellom to nye domstolar: Flekkefjord heradsrett og Lyngdal heradsrett (frå 2002 nemnde tingrett). Desse domstolane stod ved lag i nesten to århundre, sjølv om grensene til domssokna blei endra nokre gonger. I 2005 blei den "nygamle" Lister tingrett skipa, ved at Flekkefjord og Lyngdal tingrettar blei slegne saman att. Unntaket var Sirdal kommune frå den oppløyste Flekkefjord domssokn, som i staden blei lagd til Dalane domssokn i Rogaland fylke.[1].[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]