Vest-Telemark tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statens hus i Kviteseid, som huser både kommuneadministrasjon og Vest-Telemark tingrett.

Vest-Telemark tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg på Kviteseid i Telemark fylke og dekker kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje, det vil seie det område som i dei fleste samanhengar definerest som Vest-Telemark.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Domstolen heitte opphavleg Øvre Telemarken vestfjelske heradsrett. Domssoknet femna først om dei noverande kommunane Fyresdal, Tokke og Vinje, men blei i 1714 utvida med Seljord, Nissedal og Kviteseid (som då også omfatta Flåbygd) og og i 1756 med Hjartdal og Gransherad. I 1832 blei Seljord, Hjartdal og Gransherad frådelt på ny, og i 1845 også Flåbygd.

Nemninga blei endra til Vest-Telemark heradsrett i 1922, og det noverande Vest-Telemark tingrett i 2002. Domssoknet fekk si noverande utstrekning i 2007, då ho blei utvida med Seljord.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]