Kristiansand tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tinghuset i Kristiansand

Kristiansand tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme[1]. Han ligg i Kristiansand i Vest-Agder fylke og har eit domssokn som dekker kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland, Birkenes og Lillesand i Aust-Agder fylke og Kristiansand, Vennesla, Søgne, Songdalen, Mandal, Marnardal, Lindesnes, Åseral og Audnedal i Vest-Agder. Domstolen består av ein sorenskrivar, elleve dommarar, fire dommarfullmektigar og 23 sakshandsamarar[2]. Den tidlegare domstolen Setesdal herredsrett vart nedlagd i 1992 og Mandal tingrett[3] vart nedlagd i 2004. Oppgåvane deira vart overførde til Kristiansand tingrett[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]