Nedre Telemark tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tinghuset i Skien

Nedre Telemark tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Skien i og dekker dei søre delane av Telemark fylke, eller kommunane Bamble, Drangedal, Kragerø, Nome, Porsgrunn, Siljan og Skien. Domstolen består av sorenskrivar Jahn Mydland, sju dommarar og fire dommarfullmektigar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Skien var kjøpstad frå mellomalderen og hade byfut. Då Porsgrunn fekk kjøpstadrettar i 1807 blei denne byen lagd under byfuten i Skien, før han fekk eigen byfut i 1843.[1]

I 1938 blei byfuteembetet i Skien nedlagt og erstatta av Skien heradsrett, som hade Skien by og Solum heradskommune som domssokn. I 1973 blei Skien heradsrett og Gjerpen heradsrett samanslegne til Porsgrunn og Skien byfutembete, som i 1974 også blei utvida med den nedlagde Bamble heradsrett. Domssoknet omfatta frå då av Skien, Porsgrunn, Siljan og Bamble. Nemninga blei endra i 1990 til Porsgrunn og Skien byrett og i 2002 til Porsgrunn og Skien tingrett.[2]

I 2006 blei domssoknet utvida med Drangedal og Kragerø kommuner ved nedlegginga av Kragerø tingrett, og i 2007 tilkom også Nome kommune ved nedlegginga av "gamle" Nedre Telemark tingrett. Porsgrunn og Skien tingrett fekk då overta namnet Nedre Telemark tingrett.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]