Krakatau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krakatau
øy
Krakatoa NasaWorldWind 2000.jpg

Krakatau
6°6′7″ S 105°25′23″ E
Wikimedia Commons: Krakatoa

Krakatau (engelsk òg Krakatoa) er ei vulkansk øy på 13 km² som ligg i Sundasundet mellom dei indonesiske øyane Java og Sumatra.[1] Krakatau er òg namnet på vulkanen som dominerer store delar av øya. Vulkanen er kjend for å ha hatt ei mengd større utbrot gjennom historia, som har ført til nokre av dei mest katastrofale utbrota av sitt slag i moderne tid. Det meste kjende utbrotet vulkanen fann stad mellom den 26. og 27. august 1883, eit utbrot som går for å vera eit av dei kraftigaste nokosinne. Utbrotet nådde kategori 6 på VEG-skalaen, noko som tilsvarer 200 megatonn TNT. For å samanlikna var utbrotet 13 000 gonger kraftigare enn Little Boy-bomba som eksploderte over Hiroshima i 1945.

Vulkanen sett frå Sundasundet

Utbrotet i 1883 førte til at 21 km³ med stein og oske vart sende ut i atmosfæren, noko som genererte den høgaste lyden som nokosinne har vorte rapportert. Eksplosjonen skal ha vorte høyrd så langt unna som i Perth og på Mauritius, høvesvis 3 100 og 5 000 km unna. I områda i nærleiken av vulkanen skal totalt 165 busetnader ha vorte totalt utrydda, medan 132 andre vart delvis skadde. 36 417 menneske omkom som eit resultat av utbrotet, i tillegg til mange tusen som vart hardt skadde.

Utbrotet i 1883[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser plasseringa Krakatau har i Sundasundet mellom dei indonesiske øyane Java og Sumatra.

Før 26. august[endre | endre wikiteksten]

Den 20. mai 1883 var den vulkanske aktiviteten høg på Krakatau. Ein kunne kjenna fleire jordskjelv i områda kring vulkanen. Damp, røyk og oske velta stadig ut frå vulkanen, og ofte var øya innhylla i skyer av vulkansk materiale. Utover sumaren 1883 vart aktiviteten meir intens, og folk kunne med jamne mellomrom høyra høge smell etterfylgde av oskesøyler som steig opp frå vulkanen.

Hovudutbrotet[endre | endre wikiteksten]

Om lag kl. 13:00 om ettermiddagen den 26. august gjekk vulkanen over i fullt utbrot. Ein mektig eksplosjon vart etterfylgd av ei oskesøyle som steig 27 km opp i atmosfæren. I området kring vulkanen lynte og tora det som fylgje av friksjon mellom oskepartiklane i oskeskya. Oske byrja å regna ned frå skya, og truga med å søkka skip som var i faresona. Like etter eksplosjonen kollapsa ein del av nordsida på øya og utløyste ein tsunami. Kl. 14.30 nådde tsunamien Sumatra der han øydela fleire kystlandsbyar og drap fleire tusen menneske. Gjennom heile dagen heldt vulkanen fram å spy ut store mengder oske og pimpstein, og oskeskya dekte i løpet av den neste dagen heile Sundasundet. Stadig vekk kunne folk høyra eksplosjonar frå vulkanen.

Om morgonen den 27. august, gjekk vulkanen over i ein ny fase i utbrotet. Magmakammeret var på dette tidspunktet tomt, og det førte til at fjellet vart ustabilt. Rundt kl. 10:00 om morgonen kollapsa magmakammeret heilt. Dette førte til ein kjempestor eksplosjon som kunne høyrast heilt til Australia, og sjokkbylgja var så kraftig at ho gjekk kring jorda sju gonger. Eksplosjonen kasta oske 80 kilometer opp i atmosfæren. Mange menneske vart mellombels dauve som ei fylgje av den høge lyden. Då fjellet rasa saman utløyste det endå ein tsunami som breidde seg gjennom Sundasundet. Då tsunamien nådde land på Java og Sumatra, var han mange stader 30 til 40 meter høg. Etter tsunamien kom ein gigantisk pyroklastisk straum med kurs mot Sumatra. Han kryssa heile Sundasundet på ei damppute, og då han nådde fram til Sumatra gjekk han langt opp i fjella. I Trondheimsfjorden vart det observert seicher som eit fjernt resultat av skakinga.

Etter dette siste krafttaket frå Krakatau roa fjellet seg fort ned. Då røyk og oske hadde klåra var det nesten ikkje noko att av øya. Berre nokre berg markerte kanten på kalderaen. Den 28. august var vulkanen heilt roleg att.

Verdsomfattande optiske effektar[endre | endre wikiteksten]

Vulkanutbrotet førte til merkelege solnedgangar over heile verda i fleire månader etter utbrotet. Den britiske kunstnaren William Ashcroft laga tusenvis av fargeskisser av den raude solnedgangen på halvvegen omkring jordkloden frå Krakatau i åra etter utbrotet.

I 2004 la forskarar fram tanken om at blodròden på himmelen som er skildra i Edvard Munch sitt vidgjetne måleri Skrik frå 1893 òg er ei nøyaktig attgjeving av himmelen over Noreg etter utbrotet.[2] Munch skreiv:

Jeg gik bortover veien med to venner – solen gik ned – Jeg følte som et pust av vemod – Himmelen ble plutselig blodig rød – Jeg stanset, lænede meg til gjerdet mat til døden – så ut over de flammende skyerne som blod og sværd over den blåsvarte fjord og by – Mine venner gik videre – jeg sto der skjælvende av angst – og følte et stort uendelig skrik gjennom naturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Krakatoa facts, information, pictures | Encyclopedia.com articles about Krakatoa». www.encyclopedia.com (engelsk). Henta 3. april 2017. 
  2. Reuters (11. desember), «Krakatoa provided backdrop to Munch's scream», The Age ; Reuters (10. desember), Why the sky was red in Munch's 'The Scream', henta 6-08-2007 ; Panek, Richard (8. februar), «'The Scream,' East of Krakatoa», The New York Times