Kriss Akabusi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kriss Akabusi

Krissakabusihydepark.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 28. november 1958
Paddington
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar, programleiar

Kezie Uchechukwu Duru Akabusi, kjend som Kriss Akabusi, (fødd 28. november 1958) er ein britisk sprint- og hekkeløpar. Han vart europameister i 400 meter hekk i 1990 og vann VM-gull i 4 x 400 m stafett med Storbritannia i 1991.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Akabusi var med i dei britiske mannskapa i 4 × 400 meter stafett som vann sølv under Sommar-OL 1984, gull i europameisterskapen 1986 og sølv i verdsmeisterskapen 1987. Gjennom andre halvdelen av 1980-åra hadde han stor framgang i 400 meter hekk og deltok i finalen både i VM 1987 og Sommar-OL 1988.

Med tida 47,92 sekundar og ny britisk rekord på langhekken vann Akabusi i 1990 EM-finalen i Split, der han også vann gull i 4 x 400 m stafett. Året etter tok han bronsemedaljen i 400 m hekk under VM 1991, før han som ankermann sprang Storbritannia inn til siger i 4 x 400 m stafett på tida 2.57,53, framfor nasetippen på USA, dei andre på det britiske meisterlaget var Roger Black, Derek Redmond og John Regis. Under dei olympiske sommarleikane i Barcelona i 1992 fylgde Akabusi opp med 47,82 og ein ny bronsemedalje og nasjonalrekord i 400 m hekk, leikar der han òg fekk bronse i 4 × 400 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1984 i Los Angeles: Sølv i 4 x 400 m stafett (2.59,13)
  • EM 1986 i Stuttgart: Gull i 4 x 400 m stafett (2.59,84)
  • VM 1987 i Roma: Nr 7 i 400 m hekk – 48,74. Sølv i 4 x 400 m stafett (2.58,86)
  • OL 1988 i Seoul: Nr 6 – 48,69
  • EM 1990 i Split: Gullmedalje i 400 m hekk – 47,92, framom Sven Nylander (48,43). Gull i 4 x 400 m stafett (2.58,22)
  • VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje i 400 m hekk – 47,86. Gull i 4 x 400 m stafett (2.57,53), framom USA (2.57,57)
  • OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje i 400 m hekk – 47,82. Bronse i 4 x 400 m stafett (2.59,73)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]