Hopp til innhald

Kristian Østberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Østberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. november 1867
Grue kommune
Død

21. februar 1942 (74 år)

Yrke jurist
Kristian Østberg på Commons

Kristian Østberg (8. november 186721. februar 1942) var ein norsk jurist, høgskuledosent og folkeminnesamlar frå Grue. I tida 1914-39 gav han ut tolvbandsverket Norsk bonderett, der sedvaneretten i landbruket var hovudtema.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Østberg var son til ein gardbrukar på Grue. Han gjekk underoffiserskule 1885-89, og var sersjant i Kristiania linjebataljon 1889-95. Samstundes tok han eksamen på Asker Seminar i 1892, og var 1892-1904 lærar i Brevik, Trondheim og Kristiania. Jamsides lærargjerninga studerte han, tok artium i 1900 og vart cand.jur. i 1905. Åra 1906-08 studerte han vidare i København, Berlin, Würzburg og München. Frå 1909 til 1918 arbeidde han i Statsrevisjonen. Sidan 1918 var han høgskoledosent i rettslære og nasjonaløkonomi ved Norges Landbrukshøgskole på Ås.

Østbergs var særleg interessert i folkloristikk. Allereie i 1901 fekk han sitt første stipend frå Universitetet i Kristiania for å samle folkeminne frå Finnskogane. Frå 1903 reiste han årleg rundt i landet for å samle inn folketradisjon omkring sedvanerett og bonderettslig tradisjonsmateriale. I 1904 fekk han som jusstudent H.K.H. Kronprinsens gullmedalje for avhandlinga Giv en paa egne undersøgelser af den lokale retspraksis og bondens retsopfatning bygget fremstilling af de til kvægleie knyttede sædvanemæssige retsregler i et eller flere amter. Østberg følgde opp emnet og var frå 1912 statsstipendiat. Første band av Norsk bonderet kom ut i 1914, og gav han ein doktorgrad i 1915: Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler.

Arbeidet var eit framifrå kulturhistorisk innsamlingsarbeid, men har spelt lita rolle for rettspleia.

Østberg døydde på Ås.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Kaare Haukaas. «Kristian Østberg». I: Norsk biografisk leksikon, 1. utg.

Utvalde verk

[endre | endre wikiteksten]
  • Kirkebranden i Grue 1ste pinsedag 1822 / Beretninger m. m. samlede og udg. af Kristian Østberg. 1897
  • Juridiske examensopgaver. 1902
  • Finnernes Bosættelse i Solør. 1903
  • Bonderetsstudier i Trøndelagen. 1903
  • Primstaven. 1912
  • Norsk bonderett. 1. Av kreaturbrukets rets- og sedvaneregler. 1914
  • Norsk bonderett. 2. Tjenesteforhold, lotkontrakter. 1918
  • Norsk bonderett. 3. Smaa bonderetslige og retshistoriske avhandlinger og artikler. 1922
  • Teoretisk socialøkonomik : En kortfattet oversigt. 1923
  • Svartboka. 1925
  • Norsk bonderett. 4. Av tømmerdriftens rets- og sedvaneregler. 1926
  • Norsk bonderett. 5. Sedvaner i granneforhold. 1928
  • Norsk bonderett. 6. Seterbruket i Norge : med et tillegg om årets - især landbrukets - merkedager. 1930
  • Norsk bonderett. 7. Føderåd - gjerder, norrøne bondevedtekter. 1932
  • Norsk bonderett. 8. Av saltvannsfiskerienes sedvaneregler. 1934
  • Norsk bonderett. 9. Husmannen ; Gammelnorsk primitiv hvalfangst ; Landslott. 1934
  • Norsk bonderett. 10. Bonderett (foredrag) ; Torvskurrettigheter ; Tillegg til tidligere bind ; Norrøn bondetrygd ; Bør. 1935
  • Norsk bonderett. 11. Fellesskap i jord og skog ; Heimerett ; Brukspant ; En gammel skikk. 1936
  • Norsk bonderett. 12. Deler av og tilbehør til fast eiendom ; Brenntorvforhold ; Husbehovsrett ; Seter i annen manns skog ; Bonderettsforskingen. 1939
  • «Finnskogene i Norge». I: Norsk geografisk tidsskrift 1931-1939. Som bok: Grue, 1978

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Sambok 65 bøker/særtrykk av Kr. Østberg