Kristian Moursund
Kristian Moursund | |
Fødd | 20. juli 1853 Bentsjordgodset |
---|---|
Død | 16. april 1892 (38 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Kristian Peder Moursund (20. juli 1853–16. april 1892) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Tromsøysund. Han representerte Venstre.
Moursund var son til ein proprietær. Sjølv vart han student frå Tromsø skole i 1870 og cand. jur. tre år seinare. 1876-77 var han sorenskrivarfullmektig i Hardanger, frå 1878 sakførar i Tromsø. I 1891 vart han sorenskrivar i Lofoten, døydde året etter. Moursund var medlem av Tromsø bystyre frå 1882 til han i 1885 flytta ut or byen. Frå 1886 var han kasserar i Hypotekbanken sitt lånekontor i Tromsø. Formann i prestelønningskommisjonen frå 1891.
Moursund representerte Tromsø amt på Stortinget frå 1886 til 1892. Han var 1886-88 medlem av justiskomite nr 2, 1888 av næringskomite nr 1, 1889-91 av konstitusjonskomiteen og 1892 av valkomiteen. Elles var han 1889-92 medlem av Lagtinget, 1892 formann i konstitusjonskomiteen og sekretær i fullmaktskomiteen.
Han døydde i Kristiania i 1892.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914