Kristian Ottosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Ottosen
Fødd 15. januar 1921
Solund
Død

1. juni 2006

Yrke skribent

Kristian Ottosen (15. januar 19211. juni 2006) var ein norsk sakprosaforfattar, motstandsmann og byråkrat.

Han vart fødd i Solund i Sogn og Fjordane, men flytta som ung til Bergen. Han tok examen artium (1940). Han kom etter kvart med i Theta-gruppen, som var ei motstandsgruppe i Noreg under den andre verdskrigen. I 1942 vart han arrestert. Han sat i ymse konsentrasjonsleirar. Han sat som Nacht und Nebel-fange i konsentrasjonsleirane Sachsenhausen, Natzweiler-Struthof, Dachau, Ottobrunn, Vaihingen og Neuengamme.

Etter krigen studerte han i Bergen, og vart leiar for Studentsamskipnaden i Bergen. Frå 1950 til 1979 var han leiar for Studentsamskipnaden i Oslo som i 1991 etablerte Kristian Ottosen-prisen. Han var sentral i «Ottosen-komiteen» som stod bak utgreiinga om for etablering av distriktshøgskulane (1969). Ottosen var òg pådrivar for etableringa av Statens lånekasse for utdanning. Han sat som styreleiar i NRK 1972-1979 og Nationaltheatret 1981-1989.

Boka Natt og tåke : historien om Natzweiler-fangene frå 1989 vart kåra til femte beste sakprosa-utgjeving etter andre verdskrigen i Noreg i emnet krigshistorie i radio-programmet Faktasjekken på NRK P2 15.juli 2017. Røystinga var eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og NRK.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Tekstar om Kristian Ottosen[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – Festskrift til Kristian Ottosen på 70-årsdagen 15. januar 1991 (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no  [Redigert av Kjølv Egeland]
  • 2005 – Godtfolk : portretter av 28 vestlendinger (Bergen: Forlaget Livskunst)  [Tormod Valaker, forfattar]
  • 2005 – De skapte Norge (Oslo: Norsk Fakta Forlag)  [Rune Andersen med fleire, forfattarar]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]