Kristofer Visted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristofer Visted
Fødd 29. november 1873
Skånevik
Død

3. november 1949
Bergen

Yrke historikar

Kristofer Visted (29. november 18733. november 1949) var ein norsk kulturhistorikar og museumsmann, fødd i Åkra i Skånevik i Hordaland, død i Oslo. Då han var tre år gamal flytta familien til Bergen, der han tok artium i 1892 ved Bergen katedralskole, og året etter annaneksamen ved universitetet i Kristiania (Oslo). Han studerte tysk, historie og etnografi.

Kristofer Visted var i åra 1901–06 tilsett som konservator ved Bergens Museum, der han arbeidde med folkekunstsamlinga. I åra 1912–16 var han styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland i Skien, og utvikla museet etter profesjonelle museologiske prinsipp. Han var tilsett som konservator ved Etnografisk museum i Kristiania i åra 1919–23, og i åra 1929–30 knytt til Olavsjubileet (900-årsjubileet i 1930 for Heilag-Olav) i Trondheim.

I lange periodar levde Visted av oppdragsverksemd for bokforlag. Som forlagskonsulent var han biletredaktør for Aschehougs første store noregshistorie, Norges historie fremstillet for det norske folk, Kristiania 1909-1917. Han var redaktør av trebindsverket Kulturens historie : i populær fremstilling ved norske forfattere, som kom ut på Aschehoug forlag i 1917, der han sjølv hadde skrive eit par kapittel om byggeskikk og ættesamfunn. Verket hadde ei tverrvitskapeleg orientering, med mange tema som skulle dekkjast, og som Visted knytte til seg ein rad yngre og relativt ukjente forskarar ved ulike museum og ved universitetet for å gjennomført. Mange av dei vart sentrale innanfor norsk vitskap seinare.

Kristofer Visted er framfor alt namngjeten for boka Vor gamle Bondekultur som han gav ut i 1908 på Cappelen forlag, og som kom i fleire opplag og utgåver seinare, i ny og utvida utgåve i 1923. Her presenterte han norsk bondekultur i eit historisk perspektiv, og tok for seg materielle, sosiale, samfunnsmessige og andelege sider ved levemåten til bøndene, som byggeskikk, drakt, kunst og handverk, «aaret og dets fester» og «livets store begivenheter». For Visted var «skikken» eit viktig analytisk omgrep og ein tilnærmingsmåte til å forstå tenkemåten og verdiane til bøndene. I ein viss mon er det ein underliggjande nasjonalistisk haldning i framstillinga: Det er bonden som har skapt kjernen i norsk kultur. For si tid var bokverket særs rikt utstyrt med illustrasjonar, jamvel i fargar, og var i det store og heile eit pionerarbeid som sette sitt preg på norsk etnologi i den tidlegaste fasen og verka inn på innsamlingsprofilen og styrkte legitimasjonsgrunnlaget til mange museum.

Vor gamle Bondekultur kom ut i ny redigert utgåve som Vår gamle bondekultur i to band med bidrag av etnologen Hilmar Stigum (1897-1976) i 1951-1952, i tredje utgåve i 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pedersen, Ragnar. (13. februar 2009). Kristofer Visted. I Norsk biografisk leksikon. Henta 13. juni 2017.