Lov om kulturminner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kulturminnelova)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit døme på automatisk verna kultuminne er dei spora etter trehus frå til dømes jarnalderen som kan ligge att i overflata av grunnen under matjordlaget på dyrka mark. Her er synt dei spora, stolpehola, som kom for dagen under ei arkeologisk utgraving av ein gamal gard på Epse-Noord i nærleiken av Deventer i Nederland. Det er gjort mange liknande funn av spor etter fortidas trehus under arkeologiske utgravingar i Noreg òg, som til dømes etter den store vikingtidsbygningenBorg i Lofoten. Denne bygningen stod likeeins berre att som spor og leivningar i undergrunnen, men er rekonstruert i full skala på grunnlag av dette funnmaterialet.

Lov om kulturminner, òg kalla Kulturminneloven, er ei lov frå 1978 som fastsett reglar for vern av kulturminne og kulturmiljø i Noreg. Alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, mellom anna stader som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til, er å rekne som kulturminne. Kulturmiljø er eit geografisk område der kulturminne inngår som del i ein større heilskap eller samanheng.

Meir eller mindre faste kulturminne i terrenget[endre | endre wikiteksten]

Kulturminne frå oldtida og mellomalderen, det vil seie frå dei tidlegaste tidene og fram til 1537 e.Kr. (fram til reformasjonen), er automatisk freda, altså freda utan at det trengs gjerast vedtak i kvart einskild høve. Dessutan er kulturminne og kulturmiljø som kan definerast som samiske kulturminne, automatisk freda dersom dei er 100 år eller eldre. Likeeins er byggverk frå perioden 1537-1649 automatisk freda dersom dei er erklært som ståande byggverk. For andre kulturminne og kulturmiljø kan kompetent styresmakt gjere vedtak om freding.

Utan løyve frå rett styresmakt må det ikkje vert sett i gang tiltak som kan skade, øydeleggje, grave ut, flytte, endre, dekkje til, skjule eller på anna vis utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne eller framkalle fare for at dette kan skje. Ved planlegging av offentlege og større private tiltak plikter den ansvarlege leiaren eller det ansvarlige forvaltingsorganet å undersøke om tiltaket vil virke inn på automatisk freda kulturminne.

Etter at grunneigar eller brukar er varsla, har kompetent styresmakt rett til å søke etter, registrere, avbilde, halde i stand, restaurere, byggje opp att, flytte og gjerde inn automatisk freda kulturminne og gjere dei tiltaka som trengs for å pleie og gjere dei synlege og skjønelege, mellom anna å rydde området ikring. Kulturminne kan òg granskast ved utgraving eller på annan måte etter avgjerd av rett styresmakt. Etter granskinga skal kulturminnet setjast i stand eller takast var på dersom det ikkje vert gjort vedtak om noko anna av vedkomande styresmakt.

Lause kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Lause kulturminne som kjem for dagen tilfeldig, ved funn, ved utgravingar eller på annan måte er statens eigedom når det ser ut til å vere klart at det på rimelig vis ikkje lenger er mogleg å finne ut om det er nokon eigar, eller kven som er eigar, og det gjeld slike ting frå oldtida og mellomalderen (inntil år 1537) som våpen, reiskap, kultiske gjenstandar og steinar, trestykke eller gjenstandar av anna materiale med innskrifter eller bilete, bygningsrestar som ikkje høyrer saman med bygningar eller rester av bygningar, innbu, kyrkjeinventar, smykkar, arkivsaker, skjelett, skjelett-leivningar og liknande. For samiske gjenstandar gjeld dette slik som er eldre enn 100 år, og for myntar slike som er frå før år 1650.

Lovteksten[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]