Kvass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit glas kvass.
Gjærande kvass i sylteglas.

Kvass er ein fermentert brøddrikk som er utbreidd i Aust-Europa og Sentral-Asia. Han blir typisk laga av tørt rugbrød. Kvass har ein låg alkoholprosent (0,05-1,44 %), og blir vanlegvis ikkje rekna som ein alkoholdrikk.[1][2]

Drikken er utbreidd i Russland, Kviterussland, Ukraina, Polen og Baltikum og i tidlegare sovjetrepublikkar som Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kasakhstan og Usbekistan. Han er også kjend i kinesiske grenseområde til Russland, som Harbin[3] og Xinjiang. I områda der kvass er populært blir ofte seld på gata frå kioskar eller bilar.[4]

«Kvas» eller «kvass» er eit utbreidd namn på drikken, og kjem frå gammalkyrkjeslavisk квасъ frå protoslavisk *kvasъ ('syra', 'fermentert drikk') og opphavleg frå protoindoeuropeisk kwat.[5][6] Det russiske og kviterussiske namnet er квас, kvas, latvisk kvass, ukrainsk квас/хлібний квас/сирівець, kvas/khlibny kvas/syrivets, polsk kwas chlebowy (kvass av brød) og kinesisk 格瓦斯/克瓦斯, géwǎsī/kèwǎsī. På litauisk heiter derimot drikken gira, som tyder 'drikk', og på latvisk dzira. På estisk heiter han kali.

Ein har drukke kvass sidan mellomalderen eller lengre. Han kan liknast med andre gjæra korndrikkar, til dømes øl bryggja på bygg i Det gamle Egypt, hirseøl frå mange delar av Afrika, risvinar frå Asia eller chicha frå Amerika som kan lagast av mais eller maniok.[7]

Hovudingrediensen i kvass er brød laga av rug, bygg eller kveite. I heimelaga variantar bruker ein ofte rugbrødbitar som er bakt eller steikt til dei er tørre, sukker eller frukt (som eple eller rosiner) og gjær eller zakvaska-kultur. Drikken kan også smaksetjast med frukt, bær, bjørkesevje eller urter som mynte.[8]

Kommersielle variantar, særleg billigvariantar, kan lagast på liknande måtar som leskedrikkar med sukker, maltekstrakt, smakstilsetningar og vatn med kolsyre. Dyrare typar blir ofte laga av bryggjeri på tradisjonelle måtar.

Kvass blir også brukt som ingrediens i fleire matretter, som dei russiske suppene okrosjka, botvinja og tjurja.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ГОСТ Р 52409-2005. Продукция безалкогольного и слабоалкогольного производства ("GOST Р 52409-2005. Production of non-alcoholic and mildly alcoholic products")
  2. Ian Spencer Hornsey. A history of beer and brewing, page 8. Royal Society of Chemistry, 2003. "A similar, low alcohol (0.5–1.0%) drink, kvass … may be a 'fossil beer'".
  3. 哈尔滨特色饮料“格瓦斯”竞相亮相哈洽会
  4. «Michael Jackson's Beer Hunter - Porter and kvass in St. Petersburg». beerhunter.com. http://www.beerhunter.com/documents/19133-000264.html. 
  5. Max Vasmer. Russisches etymologisches Wörterbuch. Winter, Heidelberg, 1953–1958 (in German). Russisk omsetjing av Oleg Trubachyov: Этимологический словарь русского языка. Progress, Moscow, 1964–1973. квас
  6. Олег Николааевич Трубачёв и др. Этимологический словарь славянских языков. Академия наук СССР, Москва, т. 13 (1987), с. 153 (Oleg Trubachyov et al. Etymological dictionary of Slavic languages. USSR Academy of Sciences, Moscow, vol. 13 (1987), s. 153; på russisk)
  7. Anthropology av Edward B. Taylor, page 268.
  8. Katz, Sandor (2003). Wild Fermentation. White River Junction, VA: Chelsea Green Publishing Company. s. 121. ISBN 1-931498-23-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvass