Kvensk språkråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvensk språkråd var eit organ som arbeidde med standardisering av kvensk språk. Det vart danna i april 2007, to år etter at kvensk fekk status som språk, og lagt ned i 2011. Eit prioritert mål var å utarbeide eit standardisert skriftspråk basert på dei ulike dialektane. Språkrådet var oppnemnd av styret i Kvensk institutt.

Språkrådet handsama og sende normeringsforslag til Kvensk språkting, som er det organet som gjer endelege vedtak om normering av kvensk. Leiaren i Kvensk språkråd var Irene Andreassen, statleg namnekonsulent for kvenske stadnamn.

Etter at språkrådet vart lagt ned, held arbeidet fram ved at tidlegare medlemmer i Språkrådet gjev innspel til språktinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]