Kvikksølv-ulukka i Kodaikanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvikksølv-ulukka i Kodaikanal fann stad i 2001 i den indiske byen Kodaikanal. Byen vart ramma av ei katastrofeaktig ulukke då ein av Hindustans termometerfabrikkar i området slapp ut giftig kvikksølv på grunn av uforsvarlig lagring.

Utslippet[endre | endre wikiteksten]

Store område i og rundt Kodaikanal vart forureina. Ei gransking gjort av Det internasjonale atomenergibyrået stadfesta at Kodaikanal Lake hadde vorte forureina av utslepp av kvikksølv frå ein av Hindustan Unilevers termometerfabrikkar i nabolaget på grunn av uforsvarlig lagring og deponering. I tillegg til prøver av vatnet i insjøen vart det gjort prøver av mose, av og skog i området rundt Berijam Lake som ligg 20 km frå fabrikken. Prøvene viste for høge verdiar av kvikksølv. Prøver teke av fisk i Kodaikanal lake viste òg høge verdiar. Noko som berre kunne stadfesta utslipp.

Greenpeace har kritisert morselskapa til fabrikken, Unilever for at dei tillét praksisen til fabrikken med å dumpa avfallet.[1]

Fabrikken[endre | endre wikiteksten]

Fabrikken vart opna i 1977 og produserte termimeter|kvikksølvtermometer]] for eksport til USA og Europa. Avfallet vart dels dumpa i skogen bak fabrikken, dels selt til ein lokal skraphandlar.[2] Miljøstuftelsen Bellona kritiserte Morselskapet, Unilever for at dei ikkje følgde med i avfallshandteringa til fabrikken. Ei gransking gjort av Det internasjonale atomenergibyrået kunne berre stadfesta at store område i og omkring Kodaikanal var forureina. Innsjøen, skogen, mose og lav[3][4]

Etterspill[endre | endre wikiteksten]

Termometerfbrikken forårsaka forurensening med kviksølv ved sin uforsvarlige handtering av avfallet. Fabrikken vart stengd i 2001 etter 18 års drift. Hindustan brukte betydelege summar på «advokatmat» for å unngå å betala erstatning til tidlegare arbeidarar og deres familiar, mange som døydde eller vart invalidisert som følgje av forgiftninga.

Arbeidarane slutta seg saman og danna ein 559 mannsterk organisasjon, «Ex-Mercury Employees Welfare Association» i 2006. Dei saksøkte fabrikken for Madras høgsterett. Organisasjonen ynskte erstatning og eit forslag til rehabilitering, legehandsaming, og eit program på selskapets rekning for alle som hadde vore tilsett i fabrikken. Dei ønske òg den ansvarlege leiinga straffa. Hindustan Unilever, på si side nekta for at skadane, eller at nokon av helseproblema skuldast kvikksølvforgiftning.

  • I juni 2007 avga ein ekspertkommite, oppnemnd av Madras høgsterett ei utsegn om at kvikksølvutslippet var årsak til helseplagane.
  • I 2010 kjempa arbeidarane forsatt for kompensasjon,
  • I november 2011 avga det indiske arbeidsministeriet ei beklaging, der dei føljde utsegna til høgsterett frå 2007.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Unilever admits toxic dumping: will clean up but not come clean». Greenpeace. Henta 2. juli 2007. [daud lenkje]
  2. «Unilever Corporate Crimes». Corporate Watch. Henta 5. juni 2007. 
  3. The Hindu
  4. Studie sin of mercury pollution in a lake due to a thermometer factory situated in a tourist resort