Kvitsøy fyrstasjon
| |||
Fylke | Rogaland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Kvitsøy | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1700 | ||
Koordinatar | 59°03.7222′N 5°24.0075′E / 59.0620367°N 5.4001250°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 27 | ||
Form | Kvitt tårn | ||
Byggjemateriale | Stein | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Fire glimt kvart 40. sekund | ||
Lyshøgd | 45,2 moh. | ||
Lysvidde | 18,5 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten ved Kystverket | ||
Automatisert | 1969 | ||
Avfolka | 1969 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Kvitsøy fyrstasjon 59°03′43″N 5°24′00″E / 59.06194444°N 5.4°E | |||
Kvitsøy fyrstasjon er eit fyr som ligg på Kvitsøy. Fyret har ei historie som går tilbake til år 1700, då Henrich Petersen sette på ei vippefyr i Ydstebøhamn. Fyret bestod av ei mast som hadde påmontert ei tverrvippe. I enden av denne var det festa ei «eldpanne» som vart fylt med kol og heist 6 meter over bakken. Ein modell av vippefyret står i dag like i nærleiken av det noverande fyrtårnet.
I 1829 vart vippefyret erstatta med eit 18 m høgt sekskanta fyrtårn med kolbluss på toppen. I 1859 vart tårnet gjort 7 m høgare og utstyrt med oljefyrt fyrbluss samt eit linsesystem. Toppen av fyret er no 45 m over havflata. Fyret har 2. ordens lysblinkapparat frå 1910 då lyktehuset vart fornya. I 1938 vart fyret elektrifisert, og i 1969 automatisert og avfolka. Fyret er i dag freda etter lov om kulturminne. Det går ein tursti opp til fyret og vidare ut til havet i vest.
Fyrtårnet er i dag det eldste steintårnet i landet som framleis er i bruk.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Kvitsøy fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kvitsøy fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren