Kyssesjuke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Person med kyssesjuke med halskjertelsvulst

Kyssesjuke, mononukleose eller kjertelfeber er ein infeksjonssjukdom, som oftast valda av Epstein-Barr-viruset (EBV). Mellom symptoma er feber, faryngitt (gjerne med ein særs sår hals), halskjertelsvulst og utmatting.[1][2]

Fleire andre virus enn Epstein-Barr-viruset kan valda kyssesjuka, mellom dei menneskecytomegalovirus og HIV-virus.[1]

Kyssesjuke gjev som regel ikkje opphav til komplikasjonar, og er sjeldan døyeleg. 1-5 % av individ med kyssesjuke får nevrologiske komplikasjonar, som Guillain-Barré-syndrom. Opp mot 1 % får sprokken milt. Kyssesjuke aukar òg sannsynet for å utvikla multippel sklerose og Hodgkin-lymfekreft.[2][3]

Epstein-Barr-virus som årsak[endre | endre wikiteksten]

Over 95 % av alle vaksne verda over er rekna å vera infiserte med EBV.[3] Kring 90 % av tilfella av kyssesjuke er valda av Epstein-Barr-viruset.[1] Det tek kring seks veker frå EBV-smitte til utbrot av kyssesjuke. Hjå ungdomar og unge vaksne er kyssing det viktigaste opphavet til primær EBV-infeksjon. Eit lite tal av EBV-infeksjonar skriv seg frå blodoverføring og ulike former for transplantasjon. Det er uvisst korleis born vert EBV-smitta, men kan henda involverer det EBV-berarar i familien som av og til har viruspartiklar i spyttet sitt. Det vert gjerne rekna at EBV-infeksjon hjå born oftast er utan symptom.[2]

EBV-virus kan infisera visse epitelseller i mandlane og B-seller lytisk. Etter at eit individ er fri for symptom frå kyssesjuka, vil EBV-viruset liggja løynd i B-seller i kroppen til individet for resten av livet dess.[2][3]

Det finst ingen godkjend vaksine mot EBV.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lennon, P; Crotty, M; Fenton, J. E (2015). «Infectious mononucleosis». BMJ 350: h1825. PMID 25899165. doi:10.1136/bmj.h1825. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Dunmire, Samantha K; Hogquist, Kristin A; Balfour, Henry H (2015). «Infectious Mononucleosis». Epstein Barr Virus Volume 1. Current Topics in Microbiology and Immunology 390. s. 211. ISBN 978-3-319-22821-1. doi:10.1007/978-3-319-22822-8_9. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Luzuriaga, Katherine; Sullivan, John L (2010). «Infectious Mononucleosis». New England Journal of Medicine 362 (21): 1993. PMID 20505178. doi:10.1056/NEJMcp1001116. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.