LXDE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
LXDE
LXDE-logo.svg
Lxde-desktop-full.png
LXDE-skrivebordet
Skapar Hong Jen Yee («PCMan»)
Utgjeve 2006
Nyaste versjon 0.10 (LXQt)
Sjanger skrivebordsmiljø
Lisens GNU GPL,GNU LGPL
Nettstad LXDE.org

LXDE (forkorting for eng: Lightweight X11 Desktop Environment)(lettvektig X11 skrivebordsmiljø)er eit fritt skrivebordsmiljø med relativt låge systemkrav. Dette gjer det spesielt godt eigna for ressurssvake datamaskiner som til dømes Net-PCar eller eldre maskinar. [1]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

LXDE er skreve i programringspråket C, med GTK+ 2 som widgetverktøy. Det køyrer på UNIX og andre POSIX-kompatible platformar, som Linux og BSD. Målet med programmet er å lage eit skrivebordsmiljø som er raskt og energieffektivt.[2][3]. LXDE er standard skrivebordsmiljø på Knoppix, Lubuntu, LXLE, Peppermint Linux OS og Rasbian, men andre distribusjonar tilbyr òg LXDE.

LXDE nytta rullerande utgjeving på individuelle komponentar (eller grupper av komponentar)[4]. Standard vindaugehandsamar er Openbox men LDXE kan òg konfigurerast til å nytt Fluxbox, IceWM og Xfwm [5]. LXDE har kjeldekode lisensiert i både GPL og LGPL.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet vart starta i 2006 av den Taiwanske programrøren Hong Jen Yee, som òg var kjent som PCMan då han publiserte filutforskaren PCManFM, den fyrste modulen i LXDE. Unøgd med  GTK+ 3,[6] bestemte Hong Jen Yee for å eksperimentere med  Qt tidleg i 2013[7] og lanserte den fyrste versjonen av ein Qt-based PCManFM  26 Mars 2016.[6] Den 3. Juli 2013 annonserte Hong Jen Yee annonserte ein Qt-port av heile LXDE.[8] "21 Juli 2013 slo Razor-qt and LXDE seg saman til eit prosjekt LXQt.

Mange distribusjonar har byrja å tilby LXDE-baserte utgåvar noko som bidrar til det relativt ny skrivebordsmiljøet sin popularitet [9].

LXDE sine programvarekomponentar[endre | endre wikiteksten]

Ulikt andre skrivebordsmiljø som GNOME og KDE, har LXDE sine standardprogram få avhengigheitar og er ikkje tett integrert.[10] Dei kan istadenfor bli installert uavhengig av LXDE.[11]

Program Beskriving Notat
PCMan File Manager Filutforskar
LXInput Mus og tastatur konfigurering
LXLauncher Enkel programstartar
LXPanel Skrivebordspanel
LXAppearance GTK+ Temahandsamar
GPicView Biletsynar
LXMusic Grafisk brukargrensesnitt for XMMS2 medisapelaren
LXTerminal Terminalemulator
LXTask Oppgåvehandsamar
LXRandR Grafisk Brukargrensesnitt til RandR
LXDM X display manager
SDDM  Skjermhandsamar som støttar både X11 og Wayland. Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Leafpad Teksteditor Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Openbox (Fluxbox, IceWM og Xfwm støtta) Vindaugehandsamar Ikkje laga av LXDE-prosjektet
ObConf Grafisk verktøy for å konfigurere Openbox Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Xarchiver Filarkivlagar
Ikkje laga av LXDE-prosjektet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Christopher Smart (2009-09-09). «Lubuntu: Floats Like a Butterfly, Stings Like a Bee». Linux Magazine. http://www.linux-mag.com/cache/7520/1.html. Henta 2009-09-10. 
  2. 2,0 2,1 LXDE Team. «LXDE». http://lxde.org/. Henta 2008-10-26. 
  3. LXDE Team. «About LXDE». http://lxde.org/lxde. Henta 2008-11-01. 
  4. «Description of current release process». Article.gmane.org. http://article.gmane.org/gmane.comp.desktop.lxde.devel/1186. Henta 2014-05-19. 
  5. «LXDE». http://lxde.org/lxde/. Henta 2016-01-12. 
  6. 6,0 6,1 «PCManFM Qt 0.1.0 released». LXDE Blog. 2013-03-27. http://blog.lxde.org/?p=990. Henta 2013-05-04. 
  7. «PCManFM file manager is ported to Qt?». LXDE Blog. 2013-02-19. http://blog.lxde.org/?p=966. Henta 2013-05-04. 
  8. «LXDE - LXDE-Qt Preview». Blog.lxde.org. 2013-07-03. http://blog.lxde.org/?p=1013. Henta 2014-03-27. 
  9. Bodnar, Ladislav (January 2011), DistroWatch Page Hit Ranking statistics in 2009 and 2010, http://distrowatch.com/weekly.php?issue=20110103#stats, henta 4 January 2011 
  10. Łukasz Bigo. «LXDE - lekka alternatywa do GNOME». http://notebooki.pcworld.pl/news/162051/LXDE...lekka.alternatywa.do.GNOME.html. Henta 2008-08-08. 
  11. «About LXDE». Lxde.sourceforge.net. http://lxde.sourceforge.net/about.html. Henta 2014-05-19. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]