Ladji Doucouré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ladji Doucouré i 2009

Ladji Doucouré (fødd 28. mars 1983) er ein fransk friidrettsutøvar frå Juvisy-sur-Orge i Essonne-departementet som har tevla internasjonalt i hekkeløp og sprint. Han vann VM-gull på 110 meter hekk og i 4x100 m stafett i 2005.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Doucouré debuterte i VM i friidrett 2003, der han rauk ut i semifinalane som den beste av dei som ikkje kvalifiserte seg til finalen. I 2004 sette han fransk rekord på korthekken med 13,18 sekundar då han vann den franske meisterskapen. Han forbetra rekorden til 13,06 i ein semifinale under dei olympiske leikane i Aten i 2004. Med beste tid av alle utøvarane før finalen, var han favoritt til OL-gullet. I finalen leia han til han snubla i siste hekken, kom så i mål som sistemann i feltet.

I 2005 forbetra han sin franske rekord til 13,02 under eit såkalla Golden League-stemne i Paris. Den 15. juli same sesongem forsvarte han sin franske meistertittel på 110 meter hekk. Vinnartida på 12,97 sekundar var fransk rekord og den beste i verda i 2005-sesongen. Ein månad seinare vart han i Helsingfors verdsmeister med eit løp på 13,07 sekundar, ein hundredels sekund føre kinesaren Liu Xiang og tre hundredels sekund føre Allen Johnson frå USA. Dagen etter hekketriumfen sprang Doucouré startetappen då Ronald Pognon, Eddy De Lépine og Lueyi Dovy fylgde opp og syrgde for at Frankrike vann VM-gull på 4 x 100 m stafett, to hundedels sekund framom Trinidad og Tobago.

Doucouré opplevde under friidretts-VM 2007 det same han var ute for i VM 2003, han rauk ut i semfinalane med ein utslagsmargin på eitt hundredels sekund. Året etter vart han nummer fire i OL-finalen på 110 m hekk i Beijing. Med tida 13,24 sekundar var han sju og seks hundredels sekund bak dei to USA-amerikanarane som tok sølv og bronse, men over tre tidels sekund bak den suverene vinnaren, Dayron Robles frå Cuba.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]