Lailat al miraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Persisk miniatyrbilde av himmelferda til profeten Mohammed måla av Sultan Muhammed rundt 1540.

Lailat al miraj, 'natta for himmelferda', er ei muslimsk høgtid til minne om profeten Mohammed sine reiser frå Mekka til Jerusalem og deretter Himmeriket i løpet av ei natt. Dagen blir feira den 27. rajab i den muslimske kalenderen.

Hendinga er skildra i sura «Al-Isra» i Koranen, og blir fortald i moskear denne dagen. Reisa til profeten kan tolkast både som ei fysisk og ei andeleg oppleving. Han møtte erkeenglar, profetar og Gud sjølv, og blei gjeven påbodet om dei fem daglege bønetidene.

På lailat al miraj kan muslimar be ekstra bøner og mange stader pynta med elektriske og levande lys. Feiringa har ofte fokus på barn og unge.

Namn på ulike språk[endre | endre wikiteksten]

arabisk heiter hendinga Lailätu 'l-Mi‘rāğ (ar. لیلة المعراج), på persisk, urdu og bengali Šab-e Mi'râj (pers. شب معراج) og på tyrkisk Miraç Kandili.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]