Landsbyugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landsbyugle
Landsbyugle i Bharatpur, Rajasthan, India Foto: Santosh Namby Chandran
Landsbyugle i Bharatpur, Rajasthan, India
Foto: Santosh Namby Chandran
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Art: Landsbyugle O. bakkamoena
Vitskapleg namn
Otus bakkamoena

Landsbyugle (Otus bakkamoena) er ei mellomstor Otus-ugle og medlem av uglefamilien som lever på det indiske subkontinentet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Landsbyugle ved universitetet i Barkatullah

Landsbyugle er ei 20-22 cm lang ugle som førekjem i ei gråbrun og ei rustfarga form. Ho liknar orientugle, Otus sunia, men skil seg gjennom større storleik, tydeleg beigefarga krage kanta i mørkebrunt, noko finare streka under og svakare beigefarga flekker på skulderfjørene. Auga er vanligtvis mørke oransje eller brune, men kan vere gule som hos orientugla. Halsbandugla er veldig lik, likevel noko kraftigare teikna med kortare strek.

Lætet er eit froskeaktig, dempa og stigande eller spørjande «whuk» som blir gjentatt uregelmessig.

Tidlegare var òg halsbandugle (O. lettia), krageugle (O. lempiji) og kamiugle (O. semitorques) rekna som same arten som landsbyugle, dei var alle underartar i Otus bakkamoena. I dag er dei oftast skilt ut som egne artar, mest basert på skilnader i lætet.[1]

Landsbyugler lever i skogsområde opptil 2400 moh., i alt frå tett skog til ungskog, lundar nær byar og jordbruksbygder og dessutan i trerike hagar. Ho er sterkt nattaktiv, om dagen er ho gøymd i tett lauvverk i eit tre, ofte intill stammen, eller i eit hol i stammen. Føda består hovudsakeleg av virvellause dyr som biller, grashopper og andre insekt. Fuglen hekkar mellom desember og mai, oftast under regnperioden i søre delen av utbreiingsområdet.[1]

Arten har eit stort utbreiingsområde og ein stor populasjon med stabil utvikling og bli ikkje trudd vera utsett for noko substantiellt trussel. Ut frå desse kriteria kategoriserer Verdas naturvernunion, IUCN, arten som livskraftig (LC). Verdspopulasjonen har ikkje blitt estimert, men arten blir skildra som vanleg og vidt spreidd.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2020). Indian Scops-Owl (Otus bakkamoena), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.insowl1.01 Henta 16. november 2021
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus bakkamoena. Henta 16. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus bakkamoena
Commons har multimedium som gjeld: Landsbyugle